Opphevar besøksforbodet på Stord sjukehus

Helse Fonna opnar opp att for besøkande på Stord sjukehus.

Beredskapsleiinga i Helse Fonna vedtok måndag morgon å oppheve besøksforbodet på Stord sjukehus. Sjølv om det framleis er mykje smitte i Stord kommune, ser ein at det ikkje lenger er like stor risiko for å få smitte inn på sjukehuset.

Det er måndag formiddag to pasientar med påvist Covid 19-smitte i Helse Fonna, éin på Stord sjukehus og éin på Haugesund sjukehus. Begge er i aldersgruppa 18-64 år, og ingen av dei får intensiv behandling.

Grunnen til at Stord sjukehus vart stengt for besøk førre helg var situasjonen lokalt i kommunen, med stor auke i talet på smitta. Difor ville ein vere føre var, og ikkje sleppe inn meir folk enn nødvendig.

- Når situasjonen var så uoversiktleg, og det var såpass mange som hadde vore i kontakt med moglege smitteområde, valde vi å stengje sjukehuset for besøk som eit mellombels tiltak, forklarar klinikkdirektør Somatikk Stord, Anne-Beth Njærheim.

anne-beth-njærheim1.JPG

Opnar opp: Klinikkdirektør Anne-Beth Njærheim opnar opp att dørane for besøkande på Stord sjukehus, men ber folk om å halde seg til besøksreglane. Foto: Stina Steingildra

Adm. dir. Olav Klausen fortel at ein følgjer situasjonen på Stord og andre lokasjonar i føretaket tett, og at det var naturleg med ei rask avgjerd sist søndag.

- Det var mange pasientar inne, og det er lågare bemanning i helgane. I tillegg er søndag den dagen med flest besøk. Når då smittetrykket lokalt var så høgt, og situasjonen var uavklart, måtte vi ta ekstra forholdsreglar. Trass i at det framleis er mykje smitte lokalt, meiner vi at vi har god kontroll på situasjonen. Det å stengje dørene for besøk er eit drastisk tiltak, som vi helst vil unngå, fordi det råkar pasientar og pårørande hardt. Difor vel vi å opne opp att for besøk, seier Klausen, som rosar måten dei tilsette på Stord sjukehus har takla situasjonen.

Men sjølv om forbodet no er oppheva, ber Helse Fonna-leiinga folk om å tenkje seg om ei ekstra gong før dei besøkjer eitt av føretaket sine sjukehus eller DPS, slik at ikkje pågangen blir så stor. I tillegg minner ein om at folk må respektere besøksreglane, slik at ein kan halde sjukehusa opne lengst mogeleg for pårørande.

Her er nokre av dei viktigaste reglane:

* Alle besøkande skal få spørsmål om mogeleg smitte og gjerast kjende med kva smitteverntiltak som skal gjennomførast ved besøk.

* Besøkande skal vere symptomfrie. Dei som er i karantene eller isolasjon, eller vore i utlandet siste 10 dagar, kan ikkje komme på besøk.

* Pasientar med uavklart Covid 19 skal ikkje ha besøk.

* Besøkstid er mellom kl 16.00 og 17.30 alle dagar.

* Besøkande må utføre god handhygiene, handvask eller spriting, når dei kjem inn på sjukehuset og når dei går inn og ut av pasientrom. Hugs å halde 1 meter avstand.

* 1 besøkande per pasient, kan ikkje delast på fleire besøkande grunna smitteomsyn.

* Besøk inntil 30 minutt på fleirsengsrom.

* Besøk inntil 1 time på enkeltrom.