HELSENORGE

Opnar ny avdeling for føde, barsel og gynekologi

Frå og med 1. september tar avdelinga i mot pasientar i nye lokalar ved Haugesund sjukehus. 

​Tilbodet til pasientar og fødande er det same, men lokala er heilt nye. Velkomen til oss!

Føde og barsel:

  • 5 fødestover
  • 3 familierom (det er planlagt fleire familierom i neste byggetrinn)
  • Barselrom (1-sengsrom og 2-sengsrom)
Alle fødestover og sengerom har eige bad med dusj og toalett. Éi av fødestovene har badekar.

Matservering: Ein får brett til rommet. Dette gjeld fram til ny kantine er klar.

Følge: Partner kan følgje den fødande på ultralyd, undersøkingar, fødsel og barsel. Det er ikkje opent for andre besøkande, heller ikkje søsken.

Slik finn du fram

Frå resepsjonen i 1. etasje går du til høgre mot Narvesen. Her fører ei dobbel dør inn til nybygget. Ta heis eller trapp til 3. etasje og følg merking inn til fødeavdelinga (dør til venstre). Det er same adkomst dag og kveld, men på kveldstid ringer du på ringeklokke ved hovudinngangen. Innleggingstelefonen er den same som før: 52 73 23 20.


Gynekologisk poliklinikk:

Denne poliklinikken skal ikkje flytte. Det vil seie at rutineultralyd, planlagte timar på fødepoliklinikk og gynekologisk poliklinikk skjer i same lokalar som før.

Gynekologisk sengepost:

Ny avdeling har sengerom for innlagte pasientar med gynekologiske problemstillingar.