Opnar meir opp for partnar på fødeavdelingane

Frå og med veke 22 vil partnar kunne vere med på ultralydundersøkingar og andre avtalar på poliklinikk. Partnar får også vere meir til stades under fødsel og barselsopphaldet.

– Dette er vi mange som har venta på. No gler vi oss til å ta imot begge to frå neste veke, seier klinikkdirektør for kirurgisk klinikk i Haugesund, Kjersti Tollaksen.

Helse Fonna opnar no for at frisk far/partnar kan vere med på alle polikliniske konsultasjonar på sjukehusa. Partnar får også vere med på fødeavdelingane frå starten og på barsel. Men ein ønskjer ikkje å opne opp for andre besøkande på barsel.

Gjennom pandemien har partnar berre fått vere med på ultralydscreening og komme på besøk i visittida på barsel. Far/partnar har ikkje vore med på fødsel før kvinna er i aktiv fødsel, og det har heller ikkje vore lov å ha med partnar på andre kontrollar på poliklinikken.

 – No opnar vi for at partnar kan vere med under heile opphaldet, det vil seie under heile fødselsforløpet og heile dagen på barsel. Dette grunngjev vi med at dei fleste av våre tilsette er vaksinerte, og smittetrykket i regionen er lågt, forklarar seksjonsleiar ved fødeavdelinga på Haugesund sjukehus, Sidsel Petrine Vetås.

Føde Haugesund 2021 nett- foto Eirik Dankel_5.jpg

Velkommen: Seksjonsleiar Sidsel Petrine Vetås og dei andre på fødeavdelingane i Helse Fonna er glade for at dei no i større grad kan opne opp for partnarar under fødsel og barselsopphald. Foto: Eirik Dankel

Det har heile tida vore lokale og nasjonale smittevernreglar som har lagt til grunn for dei strenge besøksreglane i Helse Fonna. At tida no er inne for å opne meir opp, heng saman med kor langt dei har kome i vaksineringa av dei tilsette.

– No er det forsvarleg, meiner Tollaksen.

– Sjølv om partnar har vore til stades under fødselen i heile pandemien, er det viktig at partnar får vere meir med før og etter også. Vi veit at vi ikkje har klart å kome pasientane våre i møte når det gjeld behovet for å vere saman når dei har vore hos oss. No blir det betre, seier Vetås.

Også Helse Stavanger og Helse Bergen har no opna meir opp for partnar på fødeavdelingane.

Les meir om retningslinjer for gravide kvinner under koronapandemien her:

https://helse-fonna.no/nyheiter/retningslinjer-for-gravide-kvinner-under-koronapandemien