Helsestyresmaktene presiserer at det så langt som mogeleg må leggjast til rette for besøk i helseinstitusjonar under pandemien, og at det må lagast gode besøksrutinar. I tråd med at Helse Fonna og dei andre føretaka i Helse Vest no er ute av beredskap, er det naturleg at ein lettar litt på besøksrestriksjonane.
Besøk skal gjennomførast i tråd med dei generelle nasjonale smittevernråd (fhi.no). Men det er likevel ikkje fritt fram.
- Det er ikkje lenger like streng adgangskontroll, men det vil framleis vere vurderingar av kor mange som kan komme på besøk, ut frå fasilitetar på avdelingar, til dømes om det er fleirsengsrom eller einerom, opplyser smittevernoverlege Randi Ofstad i Helse Fonna.
Reglar for besøk
Helse Fonna oppmodar om at kvar pasient får besøk av få personar per dag. Besøket bør avgrensast til éin time. Det er også fint om det er dei same personane som kjem på besøk over tid.
Det blir også lagt til rette for at pasientar kan ha med pårørande eller ledsager under poliklinisk konsultasjon ved behov.
- Pårørande og besøkjande som har luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, eller er i karantene, skal ikkje komme på besøk. Unntak kan vurderast ved enkelte høve, som til dømes kritisk sjukdom. Då må ein ta kontakt med avdelinga for å gjere avtale. Besøk må gjennomførast i tråd med nasjonale smittevernråd, herunder generelle råd for handhygiene og avstand til tilsette og andre pasientar, heiter det i føringane frå Helse Vest, som Helse Fonna sluttar seg til.
Besøkjande vil bli bedne om å registrere seg i resepsjonen med namn, telefonnummer og kva avdeling dei skal besøkje. Dette av omsyn til eventuell smittesporing.
Ein treng ikkje bruke munnbind så lenge ein klarar å halde minst éin meter avstand til andre.
Nye besøkstider
Helse Fonna endrar også besøkstidene til slik det var før pandemien. Det vil seie at ordinær besøkstid er mellom klokka 17 og 18.30 alle dagar.
Dette gjeld frå og med torsdag 17. juni.