Fredag var det høgtidleg og offisiell opning av den nyoppussa ambulansestasjonen på Tysnes, som ligg i landlege og idylliske omgjevnader i Lundegrend.

Nøgde: Medarbeidarane på ambulansestasjonen på Tysnes gler seg over gode arbeidsforhold i totalrenovert bygg. Frå venstre Hanne Storesætre, Birthe Tveit, Jorunn Økland, Hilde Skumsnes Auestad, Geir Røssland, Thorbjørn Olafsen, Atle Nordtun (verneombod) og Kristin van der Meeren.
Til stades var representantar frå leiinga og ambulansetenesta i heile Helse Fonna-regionen, byggeigarar, byggefirma, samarbeidspartnerar og ikkje minst Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe, som fekk æra av å klippe snora.
Ordførar: Kåre Martin Kleppe fekk æra av å offisielt opna den nye, oppgraderte ambulansestasjonen, noko som er viktig for heile lokalsamfunnet.
– Stor dag
– Dette er ein stor dag for oss, og det er den største dagen eg har vore med på. Ambulansestasjonen på Tysnes er ein av dei minste av Helse Fonna sine ti ambulansestasjonar, men det at vi no får ein ny og moderne stasjon viser at Helse Fonna satsar på oss, sa funksjonsleiar Geir Røssland (biletet) då han ønskte gjestene velkomen.

Dette kan adm. dir. i Helse Fonna, Olav Klausen, stadfeste.
– Ein god stasjon er viktig for eit godt arbeidsmiljø, og eg er imponert over at de har halde oppe humøret i ombyggingsperioden, då de mellombels har halde til i eit lite funksjonelt lokale. Takk for jobben de gjer, sa Klausen, og rosa prosessen, der det har vore eit godt samarbeid mellom dei tilsette på stasjonen, huseigar, byggjefirma, vernetenesta, dei tillitsvalde, og andre avdelingar i Helse Fonna.

Heldt tale: Adm.dir. Olav Klausen i Helse Fonna understrekar at Helse Fonna legg vekt på ei god ambulanseteneste i heile distriktet, også i utkantane.
– Å ha ei god ambulanseteneste er viktig for alle lokalsamfunn. Vi viser med dette at Tysnes er viktig for Helse Fonna, og at vi satsar på ei god ambulanseteneste også i framtida, understreka Klausen.
Gammalt bygg
På programmet stod talar frå både ordførar, huseigarane, byggjefirma og andre, og det var tid til både god mat, prat, gåver og ikkje minst omvising i bygget – der ein blant anna har henta idear og inspirasjon frå dei andre og mest moderne ambulansestasjonane i Helse Fonna, Bømlo og Vindafjord.

Viste rundt: Jorunn Økland og kollegaene viste stolt rundt i det nye bygget.
Bygget stammar frå slutten av 1970-talet, då Televerket heldt hus her. Etter nokre justeringar flytta Helse Fonna inn i 2002, då ein gjekk frå å vere eigd av fylkeskommunen til den nye føretaksmodellen. Då gjekk ein også frå heimevakt til kasernert vakt.
Har stått på
Men bygget var etterkvart lite funksjonelt, og det er ein årelang prosess som no er over. Tidleg i 2020 gjekk ein i dialog me huseigar, Tysnes Næring, for mogeleg ombygging av eksisterande bygg, etter å ha vurdert andre alternativ. I april 2020 vart kontrakt signert, og i august i fjor gjekk Andersland Bygg i gang med den omfattande ombyggingsjobben. Bygget stod klart til innflytting ved årsskiftet.

Tysnes: Ambulansestasjonen på Tysnes ligg i Lundegrend, og er éin av ti ambulansestasjonar i Helse Fonna. Stasjonen har åtte medarbeidarar med éin døgnbil, og éin reservebil.
– Det har dukka opp litt skjer i sjøen undervegs, blant anna krav frå Arbeidstilsynet, men takka vere godt samarbeid med huseigar og byggfirma, har vi løyst utfordringane etter kvart. Eg vil takka medarbeidarane for god hjelp og tolmod i denne prosessen, og dei har stilt velvillig opp, også i fritida, med å flytte fram og tilbake frå mellombels bygg. No ser vi fram til mange år i nye, gode og funksjonelle lokale, seier Geir Røssland.