Ønskjer vidare utbygging mot aust

Styret i Helse Fonna støttar konseptrapporten, som tilrår vidare sjukehusutbygging mot Karmsundgata.

Styret i Helse Fonna sluttar seg samrøystes til tilrådingane frå prosjektgruppa og adm. dir. Olav Klausen, som tilrår vidare sjukehusutbygging mot aust. Styret drøfta saka på sitt møte måndag, og målet er å gjera endeleg vedtak om neste byggjetrinn på styremøtet i oktober. Før endeleg vedtak skal den reviderte konseptrapporten til ekstern kvalitetssikring.

Alternativ Øst Illustrasjon.jpg

Austalternativet: Slik ser skissene for byggjetrinn 2, mot Karmsundsgata, ut.

Det er tre alternativ som har vore vurderte: Utbygging mot nord, mot aust, eller det såkalla nullalternativet, som inneber ei ombygging av dagens bygningsmasse.

Bakgrunnen for at neste byggjetrinn kan bli framskunda med fleire år enn det som først var tenkt, er at Helse Vest tek sikte på å tilføra nærare 300 millionar kroner i likviditet i 2023. Dette styrkjer finansieringsgrunnlaget, og gjer at Helse Fonna kan vera i stand til å starta ei vidare utbygging med kostnad inntil éin milliard kroner alt i 2023

Ei anna viktig årsak til at ein ønskjer å komme i gang tidlegare er at oppdatert framskriving viser at talet på pasientar med behov for medikamentell kreftbehandling og infeksjonsbehandling med senger og isolat vil vera kraftig aukande fram mot 2040. Den pågåande koronapandemien har óg vist at det er stort behov for betre løysingar og kapasitet med omsyn til kohortavdelingar og isolat.

Ein av fleire som uttalte seg positivt til prosjektet var styremedlem og overlege ved Haugesund sjukehus, Helge Espelid.

- Dette er eit flott utgangspunkt, og det er veldig kjekt for oss at vi kan tenkje på byggjetrinn 2 alt no. Dette er ein milepåle, og behovet er skrikande. Ein flott presentasjon, og her er gjort ein solid jobb, slår Espelid fast.


Nytt kreftsenter

Utbygging mot aust er grunngjeve både ut frå pris og kvalitet. Ei utbygging mot nord vil kosta 1,4 milliardar kroner, og vil såleis føra til at ein anten må venta nokre år til, eller kutta fleire funksjonar. Med ei utbygging mot aust, som kostar 980 millionar kroner, klarar ein å halda seg innanfor kostnadsramma.

- Ombygginga i austalternativet inneber ei generell ombygging og oppgradering av areala der dagens krav til arbeidsmiljø, arbeidsplassutforming, smittevern og pasientsikkerhet blir lagt til grunn. Det blir bygd nytt kreftsenter og onkologisk dagbehandling i første etasje i noverande Ø-blokk, der dagens laboratorium ligg. Det blir òg etablert smittemottak ved det gamle ambulansemottaket med direkte tilgang til heisar i M-blokk for direkte transport til infeksjonspost. Den viktige forbindelsen gjennom Ø-blokka mellom publikumsaksen i nord og sjukehusaksen i sør blir vidareført. Alternativet inneber òg forsterking av S- og Ø-blokka for framtidig mogleg utviding, heiter det i konseptrapporten.

Per Bjørn Habbestad - foto Eirik Dankel.jpg

Styreleiar: Per Bjørn Habbestad. Foto: Eirik Dankel

- Her er det lagt fram omfattande og grundige dokument. Tilrådinga står stødig, og her er det berre å seie hipp hurra for at prosjektet let seg gjennomføre 6-7 år før opprinneleg tenkt, konkluderte styreleiar Per Bjørn Habbestad.

 

Fokus på forsking

Styret fekk også ein kort gjennomgang av forsking og publiserte forskingsartiklar i medisinske fagtidsskift. Forsking er eitt av fire lovpålagde oppgåver, og talet på forskingsprosjekt og publiserte artiklar er store i Helse Fonna, i høve til mange andre føretak på same storleik.

Lege og forskar Anna Gjerde fullfører i haust phd-en sin, og orienterte styret om funna ho har gjort. Gjerde har studert fødselsvekta til over 2,6 millionar nordmenn. Dei som har låg fødselsvekt, veksthemming eller blei fødde for tidleg, har større risiko for å utvikle nyresjukdom som vaksne.

Anna Gjerde - foto Eirik Dankel.jpg

Forskar: Anna Gjerde. Foto: Eirik Dankel

– Alle bør sjekke fødselsvekta si for å finne ut om dei har auka risiko for å utvikle kronisk nyresvikt, seier Gjerde. Og det er mykje enklare å finne ut enn folk flest trur. Ved å logge seg inn på helsenorge.no ein sjå fødselsvekta si. Den er nemleg oppført i Medisinsk fødselsregister, som er det same registeret Gjerde og forskarkollegaene har brukt i studien. Sidan 1967 er alle fødslar i Noreg registrert her, over 2,6 millionar fødslar.

– Som låg fødselsvekt reknar vi gutar som var under 2.940 gram ved fødselen og jenter som var under 2.850 gram, seier Gjerde.

Helge Espelid var, saman med resten av styret, svært nøgd med presentasjonen til Gjerde, og forskingsaktiviteten generelt i føretaket.

- Det er ei imponerande artikkelliste som er lagt fram for styret. Forsking er viktig for fagmiljøet, og gir auka kunnskap. Ofte tenkjer ein at forsking er slikt som skjer på dei store universitetssjukehusa, men det er mykje god forsking som vert gjort i Helse Fonna. Forsking blir høgt prioritert, og eg må gje honnør til dei som går i bresjen for dette, uttalte Espelid.


Redda av koronamidlar

Det økonomiske resultatet for Helse Fonna i august viser eit overskot på 6,3 millionar kroner, om lag tre millionar kroner betre enn budsjettet. Men det er lagt inn 11 millionar kroner i koronamidlar i perioden, så utan det tilskotet, ville resultatet vore 8 millionar kroner i underskot.

Koronapandemien er hovudårsaka til at Helse Fonna så langt i år ligg på 50 millionar kroner under budsjett. Det er totalt tilført 68 millionar kroner i koronamidlar. Utan desse ville det negative budsjettavviket vore på 118 millionar. Helse Fonna har framleis eit håp om å komme ut av 2020 med eit årsresultat på 40 millionar kroner, som budsjettert, dersom føretaket får kompensasjon for tapte aktivitetsbaserte inntekter til og med mai. Tilbakemeldinga frå styret var positiv.

- Eg synest denne oversikten er bra, når ein ser på korleis året har blitt. Her viser leiinga at dei har god kontroll og styrer mot det som blir den «nye normalen», uttalte nestleiar i styret, Brian Bjordal.

Aktiviteten målt i talet på innleggingar, dagbehandling og poliklinikk har vore lågare i august enn planlagt. Dette skuldast fleire ting, blant anna ferieavvikling, fleire legar til pandemivakt, og at det på nokre postar var fleire eldre pasientar med større pleiebehov enn det som har vore vanleg tidlegare.

Men likevel er aktiviteten høg, når ein ser på den spesielle tida ein er inne i.

Den gjennomsnittlege ventetida for alle behandla pasientar var 67 dagar. Eigarkravet er under 50 dagar innan 2021. 2,2 prosent av sengedøgna i somatikken var korridorpasientar.

Sjukefråværet i august var på 6,5 prosent, likt som i august i fjor.