Covid-19:

Ønskjer minst mogeleg besøk til pasientar

Stadig fleire blir smitta av koronavirus, og talet på pasientar aukar. Helse Fonna ber no publikum om å unngå besøk som ikkje er nødvendig.

Det har dei siste to vekene vore ein stor auke i talet på smitta personar i Helse Fonna-regionen, noko som også merkast på sjukehusa. No er det innlagt fire pasientar med Covid-19 i Helse Fonna, og det blir planlagt for å kunne ta imot fleire framover. Beredskapsleiinga i Helse Fonna vurderer tiltak fortløpande.

Haugesund sjukehus - inngang - foto Eirik Dankel.jpg

Mindre besøk: Helse Fonna håpar pårørande vurderer i kva grad det er nødvendig å komme på besøk på sjukehusa i føretaket. Foto: Eirik Dankel


– Vi aukar ikkje beredskapsnivået no, men vi følgjer situasjonen nøye, og gjer vurderingar frå dag til dag. Vi har også tett dialog med kommunane, opplyser administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna.

 

Vurderer fleire tiltak​​​

Aktiviteten går førebels som planlagt. Klausen ber publikum om å vurdere i kva grad det er nødvendig å komme på besøk, særleg til pasientar som ikkje er alvorleg sjuke, eller som ligg inne i kort tid.

– Vi oppmodar om at berre dei mest sårbare pasientane tar imot besøk, eller har med seg følgjeperson. Då tenkjer vi primært på kritisk sjuke eller døyande pasientar, pasientar under 18 år, fødande, eller pasientar som av ein eller annan grunn treng følgje for å kunne få helsehjelp, seier Klausen.

Han ber om forståing for at sjukehusa i denne situasjonen ønskjer færrast mogeleg innanfor dørene.

Det blir også vurdert andre tiltak, som å flytte personell mellom avdelingar. Blir talet på pasientar med Covid-19 for høgt, må ein vurdere å gjenopne kohortavdeling, eige koronamottak, strenge besøksrestriksjonar og å redusere planlagt aktivitet.

 

Ber folk ta ansvar​

– Vi håpar sjølvsagt å unngå å redusere aktiviteten lengst mogeleg, fordi vi framleis jobbar med å ta att etterslepet frå koronaperioden i fjor og fram til sommaren i år, seier Klausen.

Han har også ei tydeleg oppmoding til innbyggjarane i regionen:

– Vi har hatt ein periode med lite smitte, og då slappar folk naturleg nok av. No aukar smitten, og eg vil oppmode om å ta handhygiene på alvor,  bli heime om ein er sjuk og teste seg, seier Olav Klausen.

Korona - mottak - 16-3-2020 - foto Eirik Dankel_14.jpg
Smittevernrutinar: Administrerande direktør Olav Klausen oppmodar folk om å ta enkle smittevernråd på alvor. God handhygiene, og ver heime om du er sjuk, er hans klare råd. Foto: Eirik Dankel