- Ja, vi treng nye medlemmer. No er det nytt styre, og fleire som går ut. To fordi dei flyttar vekk for å studere og éi som går av grunna alder. Dette er verdas beste gjeng, og vi jobbar godt i lag, seier Emma Sofie Lae-Pedersen (19), som er nyvald leiar i Ungdomsrådet. Her har ho vore med sidan Ungdomsrådet vart starta opp for fire år sidan.
- Eg var mykje inn og ut frå barneavdelinga på Haugesund sjukehus på grunn av ein kronisk sjukdom. Då var det ein sjukepleiar som foreslo at eg burde melde mi interesse og delta i Ungdomsrådet. Så då gjorde eg det, og eg har aldri angra, fortel Lae-Pedersen.
19-åringen kjem frå Sveio, er student i Bergen, men bur for tida i Haugesund. Ho har etter kvart opparbeid seg erfaring både innan somatikken og psykisk helsevern.

ENGASJERTE: Siv Emberland og Emma Sofie Lae Pedersen brukar eigne erfaringar til å gjere møtet med spesialisthelsenesta betre for andre barn og unge. Foto: Eirik Dankel
Mange oppgåver
Siv Emberland (20) frå Tysvær er nestleiar og har også vore med sidan starten. Ho har ei søster som er multifunksjonshemma, og har i første rekkje erfaring med kommunehelseteneste og spesialisthelsetenesta som pårørande. Ei av sakene ho brenn for er samhandling mellom kommunane og sjukehusa.
- Alle har sin bakgrunn og sine hjartesaker dei brenn for. Vi er ein godt samansveisa gjeng, og deler personlege ting, og får hjelp til det, og det gjev oss breiare grunnlag og erfaring når vi skal ut på oppdrag og hjelpe andre, fortel Emberland.
Dei opplever at mange tek kontakt og inviterer dei med, på alt frå fagdagar i samarbeid med føretaket og høgskulen, til Toppleiarforum og møte/prosjekt i Helse- og omsorgsdepartementet. I tillegg blir dei spurde om å uttale seg i konkrete saker, og dei er med i ulike arbeidsgrupper.
Har møtt statsråden
- BUP er flinke til å bruke oss, og vi har mellom anna jobba mykje med sjølvmordførebygging blant unge. Her er det mange som fell mellom to stolar, og skulen er ein viktig arena, fordi det er her dei unge held seg på dagtid, fortel Emberland.
- Akkurat no er det stort fokus på samhandling mellom Helse Fonna og kommunane, Barn og unges helseteneste, og at vi får dette inn i somatikken. Blant anna så har eg treft helseminister Bent Høie fleire gonger. Det er litt kult, smiler Lae-Pedersen.
Frå 12 til 25 år
Medlemmene i Ungdomsrådet kan komme frå heile Helse Fonna-regionen, men dei fleste kjem frå kommunane på Haugalandet. Dei har møte om lag ein gong i månader. Dei fleste er rundt 20 år.
- Difor kunne vi godt tenkt oss fleire yngre tenåringar, og fleire frå sunnhordlandsregionen, er oppmodinga frå dei to engasjerte ungdomsrådsmedlemmene.
Ungdomsrådet i Helse Fonna blei etablert i april 2017 og har medlemmar i alderen 12 til 25 år. Ungdomsrådet skal bidra til at barn og unge skal få eit enno betre tilbod i Helse Fonna, anten dei er sjuke sjølv, eller har sjukdom i nær familie.
- Vi har erfaring som ung pasient eller pårørande, både innan somatikk og psykisk helsevern. Vi brukar våre erfaringar når vi gir innspel til kva som er viktig for ungdom i møte med helsetenesta, står det på Ungdomsrådet si side på helse-fonna.no.
- Gjer sjukehuset betre
Sølvi Heimestøl er éin av to koordinatorar for Ungdomsrådet. Ho er imponert over engasjementet.
- Ungdomsrådet er viktig for at sjukehuset skal møte barn, unge og deira familiar på best mogleg vis. Ungdomsrådet er ein engasjert gjeng med ulike erfaringar, både frå somatikk og psykisk helsevern, og som brukar erfaringane sine til å gjere sjukehuset betre. Dei utfyller kvarandre på ein god måte og samarbeider med både leiinga i føretaket og fagpersonar ute i avdelingane. Dei taler ungdomen si sak i utviklingsarbeid, prosjekt og arbeid med daglege rutinar. Det er både inspirerande og meiningsfullt å samarbeide med denne gjengen! Håpar at fleire har lyst til å vere med i eit så viktig arbeid, seier Heimestøl.
%20Sølvi%202.jpg)
IMPONERT: Sølvi Heimestøl er koordinator for Ungdomsrådet. Foto: Eirik Dankel