Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nytt pasientjournalsystem i Helse Fonna

23. mai tek Helse Fonna i bruk eit nytt pasientjournalsystem, noko som kan føre til ulemper for pasientar og pårørande i ein periode.

Publisert 19.05.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Vi håpar på forståing og tolmod frå pasientar og besøkande i samband med overgangen til nytt journalsystem, og vi planlegg for at dette skal gå så smidig som mogleg. Men det kan vere at ein del ting tek lenger tid i samband med innføringa, blant anna må ein rekne med lenger ventetid på telefon. Dette vil gjelde alle avdelingar på alle somatiske sjukehus.

Den nye pasientjournalen DIPS Arena erstattar DIPS Classic, og har ny og meir moderne funksjonalitet. Oppgradering til nytt system er nødvendig for å sikre eit effektivt og sikkert system i tråd med ei meir digitalisert samfunnsutvikling. Det er viktig både for den enkelte pasient, medarbeidarane i sjukehuset og dei Helse Fonna samhandlar med i offentleg og privat verksemd. Innføringa av DIPS Arena legg til dømes betre til rette for digital samhandling mellom pasient og behandlar via helsenorge.no. 

Innføringa av DIPS Arena vil forenkle, effektivisere og bidra til å ytterlegare trygge kvardagen for pasientar, pårørande og helsepersonell.  ​