Nytt intensivteam kan gi færre hjartestans i sjukehus

Ein ny metode for vurdering av pasientar og eit intensivteam som kan rykke ut ved behov. Det er medisinen som skal kunne snu forverring av tilstanden og hindre mogleg hjartestans hos alvorleg sjuke pasientar ved Haugesund sjukehus.

– Det er to ting som er nytt, forklarar funksjonsleiar Hege Østensjø ved intensiveininga på Haugesund sjukehus.

– Det eine er NEWS, eit verktøy sjukepleiaren skal bruke for å vurdere om pasienten er i ferd med å bli verre, og det andre er MIT, eit team med intensivsjukepleiar og anestesilege som kan tilkallast for å vurdere kva tiltak pasienten i så fall treng.

Målet er å oppdage forverring så tidleg at ein kanskje kan snu utviklinga og slik spare pasienten for unødig smerte, liding, behandling og i verste fall død. Dersom pasienten viser teikn på forverring, skal sjukepleiar og overlege ved avdelinga kunne tilkalle MIT-teamet. Dei skal vere hos pasienten innan 20 minutt og bidra i vurdering av kva tiltak som kan snu forverringa. Forsking har vist at pasientar som har fått tilsyn av MIT-team i stor grad kan bli på avdelinga dei er innlagt ved i staden for å bli flytta til intensivavdeling, og at talet hjartestansar går ned.

Dette er NEWS og MIT-TEAM

NEWS står for national early warning score og er eit verktøy for å sikre at forverring hos pasienten blir oppdaga tidleg og at helsepersonell kommuniserer tydeleg med kvarandre om pasienten.

MIT står for mobilt intensiv team, med intensivsjukepleiar og anestesilege frå intensivavdelinga. Alle sjukepleiarar og legar ved intensivavdelinga skal kunne inngå i teamet og bistå avdelingane ved behov.

Målet med NEWS og MIT er å oppdage forverring tidleg, sette i gang nødvendige tiltak og redusere behovet for intensivbehandling.

 

hege-østensjø-foto-Stina-Steingildra-2-intranett.jpg

NYTT TEAM: Funksjonsleiar Hege Østensjø ved intensiveininga har lenge sett fram til å komme i gang med MIT-teamet.

Sikre god vurdering og kommunikasjon

Østensjø har saman med intensivsjukepleiar Espen Eriksen tatt turen til lungeposten for å snakke med dei som skal kunne tilkalle MIT-teamet. Her møter dei påtroppande funksjonsleiar Ranveig Neset Enerstvedt, og sjukepleiarane Laila Asbjørnsen og Hildegunn Berge. Ved lungeposten har dei mange pasientar som er alvorleg sjuke, og som vil kunne vise teikn på forverring som gjer at MIT-teamet vil bli tilkalla.

– Dette er veldig godt mottatt av alle yrkesgrupper hos oss, seier Asbjørnsen, og får støtte frå Neset Enerstvedt:

– Det vil både sikre tidleg oppdaging av forverring og bidra til at vi som skal gi pasienten behandling snakkar det same språket. God kommunikasjon er avgjerande i samarbeidet mellom helsepersonell.

– Det er lettare å samarbeide godt om ein pasient når forverringa blir oppdaga før situasjonen blir akutt og forholda er rolegare, seier Hildegunn Berge.

mit-team-news-foto-stina-steingildra-2.jpg

KLARE FOR NEWS OG MIT: Intensivsjukepleiar Espen Eriksen, funksjonsleiar ved intensiveininga Hege Østensjø, påtroppande funksjonsleiar ved lunge, Ranveig Neset Enerstvedt, sjukepleiarane Hildegunn Berge og Laila Asbjørnsen.

Eit godt klinisk blikk er ikkje nok

Både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og legar ved avdelingar som har inneliggande pasientar skal ta kurs i bruk av NEWS, som står for national early warning score. NEWS fungerer som ei sjekkliste, både over kva funksjonar hos pasienten som skal vurderast og korleis helsepersonell skal kommunisere med kvarandre om pasienten på ein tydeleg måte. Pasienten sin skår på NEWS gjer det enklare for sjukepleiar og lege å vurdere kva tiltak som bør settast i gang.

Mange erfarne sjukepleiarar og helsefagarbeidarar har frå før eit godt klinisk blikk og fangar tidleg opp teikn på at pasienten er i ferd med å bli verre. Med NEWS  skal alle pasientar få jamleg og lik vurdering, slik at ein ikkje er avhengig av erfaring og skjønn for å avdekke forverring tidleg.

– Slik sett er det eigentleg ikkje nye oppgåver vi skal begynne med, det er meir ei systematisering av målingar og vurderingar av pasientane vi allereie gjer, seier kreftsjukepleiar Laila Asbjørnsen.

Jobbe i team

Espen Eriksen vil vere ein av intensivsjukepleiarane som skal rykke ut. Han er tydeleg på at dei ikkje kjem for å «overta» pasienten.

– Vi skal jo jobbe som eit team saman med helsepersonell på avdelinga som kjenner pasienten. Vi vil utfylle kvarandre med kompetansen vår og saman finne ut kva som er best for pasienten.

Leiar ved intensiveininga, Hege Østensjø, trur NEWS og MIT-teamet også vil gi andre positive effektar:

– Eg trur det vil vere positivt for samarbeid og samhald mellom avdelingane. Vi vil nok ha enno meir kontakt enn i dag, og både intensivsjukepleiarane og anestesilegane vil vere meir ute i dei andre avdelingane enn i dag. Slik sett kan det bli ei ressursutfordring for oss, men målet er jo å unngå at pasienten blir så dårleg at dei treng intensivbehandling hos oss.

Østensjø ser mange alvorleg sjuke pasientar i sin jobb. Å støtte familiar som tar farvel med sine kjære er ein naturleg del av arbeidskvardagen ved intensiveininga.

– Mitt håp er at denne måten å samarbeide på også vil kunne gjere det enklare å snakke om behandlingsstopp for dei sjukaste pasientane. Viss vi tidlegare kan få til ein god dialog mellom avdelingane, med pasienten og dei pårørande, vil vi kunne legge til rette for ei betre avslutning av livet.

Betre tryggleik for medarbeidar og pasient

Fagdirektør Haldis Lier i Helse Fonna ser fram til å sjå dei nye rutinane og det nye teamet tatt i bruk.

– Dette understøttar det arbeidet vi allereie gjer med å betre tryggleiken for både medarbeidarar og pasientar. Dei eg har snakka med i avdelingane som har tatt kurs i NEWS seier det same: Dette opplever dei som nyttig og dei trur det både vil gi meir tryggleik og gjere det enklare å prioritere ressursane.

Lier er imponert over viljen og motivasjonen til å komme i gang.

– Mange har vist god innsats i å ta kurs og førebu seg godt på dette. Eg ser fram til at vi no kjem i gang i Haugesund og at vi kan sjå dette bli tatt i bruk i heile Helse Fonna.