Dermed har to pasientar med covid-19 døydd på Haugesund sjukehus siste veka.
Det var torsdag morgon ni pasientar med covid-19 i Helse Fonna, alle på Haugesund sjukehus. To av desse får intensivbehandling.

Utset operasjonar
Onsdag gjekk Helse Fonna over til gul beredskap som følgje av høgt smittetrykk i Nord-Rogaland, stort press på mange avdelingar, og generelt høgt sjukefråvær blant medarbeidarane.
No er drifta redusert, slik at helseføretaket er i stand til å ta seg av covid-19-pasientar, alvorleg sjuke, og øyeblikkeleg hjelp. Det er i første rekkje operasjonar som ikkje hastar eller er livstrugande, og poliklinisk verksemd, som vert utsett.
– Eg beklagar dei ulempene dette medfører for våre pasientar, og at det fører til lenger ventetid for nokre. Vi har alt eit etterslep etter pandemien i fjor og i vår, og i tillegg har vi hatt lågare aktivitet på seinsommaren då vi flytta inn i nytt bygg. Men slik situasjonen er no har vi ikkje noko val, seier administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen.
Ber om lokale tiltak
Helsedirektoratet sende onsdag ut eit brev til statsforvaltarane og alle landets kommunar, der dei understrekar alvoret i situasjonen Noreg no er i.
- Dei siste vekene har det vore raskt aukande smittespreiing i Noreg. Fleire kommunar og helseføretak er alt i ein pressa situasjon. FHI sine framskrivingar tyder på at det er fare for at kapasiteten i helse- og omsorgstenesta vil bli overskrida innan få veker, dersom utviklinga ikkje snur raskt med effektive tiltak. Det er viktig at tiltakspakkane som blir innført no er tilstrekkelege, slik at vi kan unngå endå meir inngripande tiltak om kort tid, heiter det i brevet. Helsedirektoratet kjem med klare råd til kommunar med stigande smittetal om å raskt vurdere å innføre lokale forskrifter med målretta tiltak.
– Helse Fonna er i ein pressa situasjon, og eg håpar at kommunane følgjer dei klare råda frå Helsedirektoratet, seier Klausen.
Unngå besøk
Helse Fonna oppmoda førre veke pårørande å vurdere om besøk til pasientar er nødvendig. Klausen håpar at publikum følgjer oppmodinga.
– Det er viktig for oss at folk unngår besøk til innlagte pasientar med mindre det er nødvendig. Dette er for å redusere risikoen for smitte i sjukehusa. Det er óg viktig at ein respekterer visittida. Vi håpar folk tek dette på alvor, slik at vi slepp å innføre besøksforbod att, slik vi har hatt tidlegare i pandemien, seier Klausen.
Ein ber også om at pasientane i størst mogeleg grad unngår å ha med følgjeperson når dei kjem til behandling. Dei pasientgruppene som bør prioriterast ved besøk er kritisk sjuke eller døyande pasientar, pasientar under 18 år, fødande, eller pasientar som av ein eller annan grunn treng følgje for å kunne få helsehjelp.