Nytt behandlingsprogram gir håp til pasientar med kronisk utmatting

Eit nytt firedagars behandlingsprogram gav signifikant betring til heile 80 prosent av pasientane i studien. Det kjem fram i ein fersk artikkel publisert av forskarar i Helse Fonna.

– Resultata er oppsiktsvekkande. Dei fleste studier på behandling av CFS/ME har berre vist låg eller moderat effekt. Her ser vi signifikant betring hos 80 prosent av pasientane, også eitt år etter at behandlinga er gjennomført, seier psykiater og forskar Bjarte Stubhaug som har leia studien.

Les artikkelen "A 4-Day Mindfulness-Based Cognitive Behavioral Intervention Program for CFS/ME"

Over 300 pasientar med diagnosen CFS/ME inngår i studien. Dei fekk alle firedagarsbehandlinga som inkluderer undervisning, fysisk aktivitet, merksemdstrening, skriveøvingar og gruppesamtalar. Fagleg er det ein kombinasjon av element frå kognitiv atferdsterapi, mindfulness og aksept og forpliktings-terapi (ACT).

Kva er CFS/ME?

  • CFS/ME er kjent under ulike sjukdomsnamn, mellom anna kronisk utmattingssyndrom, ME (myalgisk encefalopati) og systemisk anstrengelsesintoleranse (SEID).
  • Sjukdomen kan gi ulike symptom og helseplager, men felles er at pasientane opplever langvarig utmatting (meir enn seks månadar), stor funksjonssvikt og låg terskel for utmatting og sjukdomskjensle sjølv ved lita anstrenging. Oftast opplever pasientane også dårleg søvnkvalitet, svimmelheit og problem med konsentrasjon, hukommelse og språk.
  • Sjukdommen blir oppfatta som heterogen og samansett, med ulike årsaker, for eksempel infeksjon og immunaktivering.
  • Det er inga enkel behandling som er vist å ha generell effekt på alle pasientar med CFS/ME.

Kjelde: Dr. med. Bjarte Stubhaug

 

– CFS/ME er ein medisinsk sjukdom, ikkje ei psykisk liding. Men studien viser at desse pasientane på same måte som for eksempel pasientar med hjartesjukdom har nytte av betre kunnskap og forståing av sjukdommen og hjelp til nyttige strategiar for å meistre den betre. Behandling kan ikkje alltid gjere pasientane friske, men denne studien viser at mange kan bli tydeleg betre, med mindre helseplager og høgare funksjonsnivå, seier Stubhaug.

Om Bjarte Stubhaug

Bjarte Stubhaug er psykiater, forskar og overlege i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna. Han avla ein doktorgrad om CFS/ME i 2008, og har ti års erfaring med behandling av pasientgruppa ved sin eigen avtalepraksis Klinikk for stressmedisin.

 

Portrett av psykiater Bjarte Stubhaug
 – Mange pasientar kan bli betre

Behandlingsprogrammet i studien er utvikla av Bjarte Stubhaug i samarbeid med professor Gerd Kvale, og er basert på erfaringar frå ein tidlegare studie om behandlingseffekt ved CFS/ME (2008 Bjarte Stubhaug et. al).

Det nye behandlingsformatet er vesentleg meir konsentrert, gjennom behandling fire påfølgande dagar, med minst muleg forstyrring frå andre aktivitetar eller krav. 

– Resultat frå tilsvarande konsentrerte behandlingsprogram for pasientar med angst og tvangslidingar har jo også gitt fantastisk god effekt, og stadfestar at kort og konsentrert kan vere godt, seier Stubhaug, og viser til firedagarsbehandlinga mot tvangslidingar og angst som har fått mykje internasjonal merksemd. Kvale hamna nyleg på Time Magazine si liste over dei 50 personane i verda som gjer mest for å betre verdas helsetenester.

– Denne studien gir oss god grunn til å tru at behandlinga har effekt og at mange CFS/ME-pasientar vil kunne ha nytte av den. Men det trengs fleire kontrollerte studier for å stadfeste funna slik at ein kan ta programmet i bruk som tilrådd behandling for pasientgruppa, seier Stubhaug. 

Varig effekt

Stubhaug trur behandlinga gir effekt fordi den kombinerer auka kunnskap om eigen sjukdom med  konkrete metodar for å regulere plager og kjensler av hjelpeløyse. Motivasjon for behandling og vilje til endring er også viktig for at behandling skal vere nyttig.

– Pasientane som deltok i denne studien var motiverte og villige til å delta og ingen av dei valte å avslutte behandlinga før tida. Studien seier altså ingenting om nytte av behandlingsprogrammet for folk som ikkje er motiverte for eller interesserte i slik behandling. Studien indikerer likevel at mange pasientar med CFS/ME kan oppnå stor betring gjennom kortvarig, konsentrert behandling, og at denne betringa er tydeleg både etter éi veke, tre månader og eitt år, seier Stubhaug.

Meir kunnskap å hente

Forskarane har også data om vidare endring av helseplager og fysisk funksjon hos pasientar som kom tilbake og deltok på oppfølgingsprogram etter eitt år, med inntil tre års oppfølging. Det materialet er ikkje analysert enno. For funna som no er publiserte er dei første i det som truleg vil bli ei rekke artiklar basert på ein større, langvarig studie mellom 2009 og 2017 der heile 900 pasientar med CFS/ME har deltatt i tilsvarande behandling.

– Frå vårt materiale skal vi mellom anna sjå nærare på samanhengar mellom søvn og utmatting, og mellom livskvalitet og utmatting. Det er ulike kriterier som blir brukt for diagnosen CFS/ME, og vi skal også sjå på samanhengar mellom slike kriterier og korleis sjukdomen utviklar seg hos pasientane, seier Stubhaug.

Forskarteamet skal også evaluere og samanlikne nytte av det same behandlingsprogrammet for pasientar med generalisert angst og depresjon.  

Om pasientane i studien

Over 300 pasientar med diagnosen CFS/ME inngår i studien.

Diagnosekriterier CFS-Oxford blei nytta for alle som er inkludert. Desse kriteriene (https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC1293107/pdf/jrsocmed00127-0072.pdf) er relativt vide, og inkluderer pasientar med kronisk utmattelse med moderat funksjonsvikt til alvorleg svikt. Alle pasientar i denne studien hadde CFS etter denne definisjonen. Forskarane undersøkte også om pasientane oppfylte kriterier for CFS-CDC (Center of Disease Control, USA, også nemnt CFS-Fukuda-kriterier (http://annals.org/aim/fullarticle/708271/chronic-fatigue-syndrome-comprehensive-approach-its-definition-study), som er den internasjonalt mest brukte definisjonen for CFS/ME. Seinare har CFS-Canada-kriteriene blitt tilrådd brukt på linje med CFS-CFS-kriteriene (Helsedirektoratet 2014, https://helsedirektoratet.no/Lists/Publikasjoner/Attachments/396/IS-1944-Nasjonal-Veileder-CFS-ME-Hovedversjon.pdf) , men på det tidspunktet studien vart godkjent og starta datainnsamling (2009), var CFS-Oxford og CFS-CDC dei mest brukte i forskning. Det er heller ikkje semje om at CFS-Canadakriteriene kan skilje CFS på kvalitativt ulik måte (https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/25640602).

I studien sammenliknar ein pasientar med CFS-Oxford med CFS-CDC (som har strengare vilkår for diagnosen og fangar opp meir alvorleg sjuke pasientar), og finn at endring av symptom og funksjon faktisk er størst for dei med mest symptom (CFS-CDC) etter eitt år.

 

Pasientane i den aktuelle studien er tilvist til Klinikk for stressmedisin frå fastlegar og sjukehusavdelingar i Helse Vest, og behandlingstilbodet er del av offentleg spesialisthelseteneste. Den kliniske studien og datainnsamlinga til studien er avslutta, men behandlingstilbodet ved Klinikk for stressmedisin blir oppretthalde. Gjennom samarbeidsavtale med Helse Fonna blir pasientar med CFS/ME i opptaksområdet tilvist klinikken for utgreiing og behandling. Klinikken fungerer også som eit klinisk tredjelinjetilbod i Helse Vest, og Helse Vest RHF har styrka klinikken med ekstra spesialistheimel for klinisk forsking.