Nye seksjonsoverlegar på plass i laboratoriemedisin

Éin har vore her i seksten år, éin har akkurat kome tilbake og to er nye. Felles for dei fire overlegane i seksjon for laboratoriemedisin er eit sterkt fagleg engasjement og eit framtidsretta blikk.

At rekruttering er vanskeleg, kan Anna Marie Tveita skrive under på. Som seksjonsleiar for laboratoriemedisin har ho jobba for å fylle overlegestillingar som har vore ledige i både eitt og to år. Hardt og målretta arbeid er ikkje alltid nok når kompetansen du etterspør er mangelvare. Men no er tre nye seksjonsoverlegar tilsett, og dei kan sjå framover. Av og til treng ein kanskje drahjelp frå flaks og tilfeldigheiter? Tveita drar på det:

– Njaaa, litt flaks er det kanskje. Men når ein kandidat først viser interesse, må du vere på som leiar. Du må gi mye i prosessen for å lukkast.

Frå Bergen, India og Kristiansand

Og ho har lukkast. Med vidt forskjellig bakgrunn er dei no på plass: Tor Hervig, overlege i immunologi og transfusjonsmedisin, Sutirtha Chakraborty, overlege i medisinsk biokjemi og Marius Bagdonas, overlege i patologi. Saman med mangeårig overlege i medisinsk mikrobiologi Liv Jorun Hafne utgjer dei no Pettersen Tveita sitt team av seksjonsoverlegar. Men kvifor kom dei til Haugesund?

Tor er 64 år og tenkte at viss han skulle gjere noko nytt i karrieren, måtte det vere no. Sutirtha jobba i India, men drøymte om ein moglegheit til å utvikle seg fagleg og følgje den teknologiske og medisinske utviklinga. Marius jobba tidlegare i seksjonen, før han prøvde livet på Sørlandet. Både han og familien ville tilbake.

– Det var på grunn av det gode vêret her, seier han alvorleg, før ansiktet sprekk opp i eit stort smil. Ein patolog med humor, det lovar godt.

– Her er det eit godt arbeidsmiljø og det opna seg ei stilling som seksjonsoverlege. Det ga nye moglegheiter for meg. Det blir spennande tider for heile seksjonen med nytt bygg og eg vil vere med å påverke utviklinga, seier han.


PÅ PLASS: Marius Bagdonas, Sutirtha Chakraborty og Liv Jorun Hafne. Chakraborty frå India har lært seg svært god norsk på rekordtid: Det er berre halvanna år sidan han starta norskkurs over Skype frå India, men praten går flytande. Foto: Stina Steingildra

 

Enno betre tenester for pasientane

Praten går raskt mellom dei nye kollegene når ordet «utvikling» blir nemnt. Dei er alle opptatt av fagleg utvikling og kvalitet, og at Helse Fonna må tileigne seg og ta i bruk ny kunnskap. Forsking blir nemnt av samtlege.

–  Det er viktig å komme i gang med mindre forskingsprosjekt og delta i større, seier Tor Hervig. Han kjenner godt til seksjonen, som tilsynslege gjennom mange år.


STARTAR FOR FULLT I OKTOBER: Tor Hervig har vore på jobb i Helse Fonna éin dag i månaden til no, men frå 1. oktober er han i full stilling. Foto: Stina Steingildra

–  Det er eit godt utgangspunkt her, og eg trur motivasjonen for utvikling er stor. Vi skal gå gjennom alle prosedyrar og produktkatalogen vår for å gjere tilbodet enno meir pasientretta, seier han, og inviterer alle klinikarane med i prosessen. Han får støtte frå Tveita:

– Skal vi betre tilbodet vårt, må det skje i samarbeid med klinikkane og klinikarane, seier ho.