Nye retningsliner for pasientar og besøkande som har vore utsett for koronasmitte

Dersom du nyleg har vore i område med vedvarande spreiing av koronavirus eller har vore i nærkontakt med ein person med påvist koronasmitte, må du ta kontakt med sjukehuset før du kan komme til timen din.

Folkehelseinstituttet har oppdatert sine råd om pasientar som har planlagt time i sjukehus. Derfor ber vi deg som nyleg har vore i område med vedvarande spreiing av koronavirus, eller som har vore i nærkontakt med personar med påvist smitte med koronavirus om å ta kontakt med oss på www.helsenorge.no eller via telefon 52 73 90 00 før du møter til time på sjukehuset. Vi vil vurdere om timen din må utsettast eller ikkje. Det er stor pågang på telefon og lenger ventetid enn vanleg. Dersom du ikkje får tak i oss på telefon, kan du sende oss melding via www.helsenorge.no  

Helse Fonna vil også sende SMS direkte til pasientar som er sett opp med time den næraste tida. 

Strenge retningsliner for besøkande på sjukehuset

Personar som har vore i områda med vedvarande spreiing eller som har vore i nærkontakt med ein person med påvist smitte, kan ikkje besøke pasientar på sjukehuset før det er gått minst 14 dagar etter heimkomst eller 14 dagar etter siste nærkontakt, og dei må vere symptomfrie. 

Vi vil redusere smitterisiko for pasientar og medarbeidarar. Vi ber derfor om at du som besøkande tar ansvar for god handhygiene. Vi oppmodar om at berre dei 1-2 næraste pårørande besøker pasientar som er innlagt på sjukehuset.