Nye reiseråd og reglar for sjukehustilsette

Helsemyndigheitene har endra reiseråda knytt til korona. Dette fører blant anna til at alle sjukhustilsette som har vore på utanlandsferie skal testast, og må ta kontakt med sin næraste leiar før ein kjem tilbake på jobb. Her kan du lesa meir om felles reglar og tilrådingar for tilsette i Helse Fonna.


Myndigheitene gjorde 10. juli endringar i gjeldande reiseråd frå 15. juli. På bakgrunn av dette har dei fire regionale helseføretaka drøfta aktuelle tilrådingar for ferie-/fritidsreiser for dei tilsette, med leiinga i helseføretaka.reisebilete (2).jpg


Felles tilrådingar for sykehustilsette

På bakgrunn av myndigheitene si rettleiing til dei nye reiseråda har helseregionane i Noreg blitt einige om følgjande tilrådingar til helsepersonell og andre tilsette som vurderer utanlandsreiser i sommarferien:

  1. Helseministeren tilrår generelt å ta ferie i Noreg i år. Vi sluttar oss til denne tilrådinga.

  2. All reiseaktivitet til land/område med låg smitterisiko («grøne» land/område som er unnateke karanteneplikt), skjer på eige ansvar. Under dei rådande forholda ber arbeidsgivar om at alle tilsette nøye vurderer både behovet for å reise og kva forholdsreglar ein bør ta når ein vel å reise til dei enkelte landa/områda.

  3. Reiser til land/områda med høg smitterisiko («raude» land/område med karanteneplikt) er ikkje tilråddd. Dersom tilsette likevel meiner at dei har viktige grunnar for å reise til slike land/område, ber vi om at reisa først blir drøfta med nærmaste leiar.

  4. Dersom tilsette vel å reise til «raude» land/område med karanteneplikt, ber vi om at dei på førehand gjer greie for korleis karantenetida vil bli gjennomført, slik at plikter og ansvar i arbeidsforholdet ikkje blir ramma unødig. Karantenetida er i dag på ti dagar.

  5. Karantenetida skal primært planleggjast som ein del av feriefråværet. Dersom karantenetida ikkje inngår i det avtalte feriefråværet, må tilsette gå i karantene utan lønn (ulønna permisjon). Karantenetiden skal primært planlegges som en del av feriefraværet. Det er reiseråda på utreisetidspunktet som er avgjerande for dette, det vil seie at det gjeld reiser til «røde» land/område på utreisetidspunktet.

  6. Hvis tilsette får luftveissymptom etter ei reise, innanlands eller utanlands, skal dei testast for Sars-CoV-2 og halde seg heime til dei er symptomfrie. Det blir oppmoda til testing sjølv ved milde symptom eller vag mistanke om smitte.

  7. Tilsette er bedne om å informere arbeidsgivar dersom dei har vore på reise i land som ikkje er omfatta av karanteneplikt («grøne» land/område) i løpet av dei siste 10 dagane før dei skal tilbake i jobb. Desse tilsette skal som hovudregel testast for Sars-CoV-2 før oppstart i jobb. Tilsette som blir testa, skal bruke munnbind eller unngå pasientnært arbeid inntil negativ test føreligg.

Alle tilsette i Helse Vest har også motteke denne tekstmeldinga:

Dersom du er på vei tilbake fra ferie fra utlandet inkludert Norden:

  • Var landet raudt ved heimreise, må du i karantene
  • Var landet grønt ved heimreise, må du teste deg

Kontakt din nærmaste leiar/leiarvikar før du stiller på jobb.

Fortsatt god ferie til alle og god vakt til dykk som er på jobb!


Folkehelseinstituttet (FHI) og Utenriksdepartementet gir praktiske råd om førebuingar av utanlandsreiser. Sjå meir informasjon og oppdatert oversikt over "grøne" og "raude" område frå FHI.


Til tilsette i Helse Fonna:

Lurer du på noko, eller har spørsmål: Ta kontakt med næraste leiar.

For nærare informasjon om testing, les meir i prosedyrehandboka eller på Intranettet.