Helsenorge

Køyr eigen bil til sjukehuset

Nye råd om pasienttransport seier at at pasientar i hovudsak må nytte eige køyretøy til og frå behandling på sjukehuset.

Pasientreiser i Helse Fonna endrar sine rutinar i samsvar med regjeringa si koronainnstramming. For å kunne ha tilrettelagt transport tilgjengeleg for dei brukarane som treng det mest, så er hovudregelen at pasientar nyttar eige køyretøy til, frå og mellom helseinstitusjonane, der dette er mogeleg.

Helseekspressen 2018 - nett_20.jpg

Pasienttransport: Det blir mindre samkøyring, og færre pasiantar på Helseekspressen. Alle må bruke munnbind, og pasientane blir oppfordra om å komme seg til og frå behandling med privat transport. Foto: Eirik Dankel


–​ Pasientreiser oppfordrar behandlarar om å undersøkje om pasientane kan bli køyrde av pårørande, forklarar avdelingsleiar Svein Oddvar Moen i Pasientreiser.

 

Må bruke munnbind​

Som følgje av dette, er det innført ei mellombels løysing der alle reiser over 10 kilometer vert dekt med standardsats, etter dokumentasjon frå behandlar. Tilleggsutgifter som bompengar, parkering og ferje vert også dekt.

Rekvirerte reiser til og frå testing eller vaksinering blir ikkje dekt av Pasientreiseforskriften, men er kommunane sitt ansvar ifølgje koronavaksinasjonsprogrammet.

–​ Samkøyring skjer berre i store bilar, og pasient og ledsager må sitje i baksetet. Sjåfør, pasientar og ledsager må ha munnbind på seg under heile turen, presiserer Moen. Det er også innført strenge tiltak for pasientar med påvist eller mistenkt covid-19.

– Her skal blant anna pasienten og eventuell ledsager køyrast åleine i store bilar, seier Moen.

 

Færre med Helseekspressen​

Helsesekspressen, som køyrer til og frå Haukeland universitetssykehus kvar dag, kan inntil vidare ha maksimalt 10 pasientar. Eventuelle følgjepersonar kan sitje ved sida av pasienten.

– Vi vil prioritere medisinske rekvisisjonar, og andre pasientar som plar sitje på med Helseekspressen blir oppfordra om å ta buss eller køyre eigen bil, seier Svein Oddvar Moen.

helsekspressen.jpg