Nye klinikkdirektørar i Helse Fonna

Anne-Beth Njærheim og Kjersti Tollaksen er tilsette som klinikkdirektørar i Helse Fonna.
Anne-Beth Njærheim (55) overtar som klinikkdirektør somatikk Stord etter Reidun Rasmussen Mjør, som skal bli ny samhandlingssjef i Helse Fonna. Njærheim kjem frå stillinga som folkehelsekoordinator i Bømlo kommune, ei stilling ho har hatt sidan 2011. Før det jobba ho i Helse Fonna i fleire periodar, sidan ho starta i sin første jobb ved det som då heitte Fylkessjukehuset på Stord i 1990. Njærheim sin helsefaglege bakgrunn er spesialutdanning innan anestesi.

– Eg kjenner godt til forholda på Stord sjukehus, og kjenner framleis mange som jobbar der. Eg gler meg til å komma tilbake, og er glad for at eg har blitt vist denne tilliten. Det er mykje spennande å ta tak i, både det å bli kjend med sjukehuset og miljøet slik det er i dag, men ikkje minst det å jobba for at Stord sjukehus blir eit førsteval for folk i regionen, seier Njærheim, som i mange år har vore aktiv som Venstre-politikar både i Bømlo kommune og fylkestinget. Ho byrjar i stillinga 10. august.

Kjersti Tollaksen (54) er fast tilsett som direktør for kirurgisk klinikk i Helse Fonna, etter å vore midlertidig tilsett sidan juni i fjor. Tollaksen har jobba ved Haugesund sjukehus sidan 1998, og har vore seksjonsleiar frå 2008 til 2019. Ho er utdanna sjukepleiar, og har i tillegg fullført ulike leiarutdanningar, som LOS-programmet og helseføretaka sitt toppleiarprogram.

– Eg er glad for tilliten og at eg får høve til å halda fram som direktør i kirurgisk klinikk. Det siste året har vore både lærerikt og utfordrande, og eg ser fram til å jobba vidare med eit utruleg dyktig lag av mellomleiarar i klinikken. Vi har no vore gjennom ein krevjande periode, der vi har måtte handtere den pågåande koronapandemien, samstundes som vi har halde oppe eit tilbod til andre grupper som fødande, kreftpasientar og pasientar med akutte skadar. Eg er imponert over den fantastiske haldninga blant alle medarbeidarane på sjukehuset i denne perioden. Det var vore ei enorm lagånd og vilje til å få dette til. Vi skal framleis handtere pandemien, men eg ser fram til å følgje utviklinga av nybygget her i Haugesund og planleggje innflytting hausten 2021. Eg gler meg veldig til å vere en del av denne prosessen, seier Tollaksen. Ho er fødd og oppvaksen i Haugesund, men har budd på Bokn dei siste åra.

Klinikkdirektørane vil vere ein del av leiargruppa i Helse Fonna, og ha administrerande direktør som næraste overordna.

Admininstrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen, er nøgd med tilsetjingane.

– Eg er glad for å kunne tilsetja Kjersti og Anne Beth, og eg ynskjer dei velkomne, seier Klausen.