Nye direktørar tilsett

John Conrad Brandsø blir ny direktør i medisinsk klinikk og Sverre Kolbeinsen Lien har fått fast tilsetting i direktørjobben i klinikk for medisinsk service og beredskap.

Brandsø kjem frå jobben som leiar for seksjon habilitering i medisinsk klinikk og startar i den nye jobben allereie i dag. Kolbeinsen Lien har sidan april i år vore tilsett i eit engasjement som direktør i klinikk for medisinsk service og beredskap, men blir no fast tilsett i stillinga.

– Det er givande å få bidra til Helse Fonna si utvikling framover. I klinikk for medisinsk service og beredskap skal vi jobbe for stadig betre pasientforløp med høg kvalitet, seier Kolbeinsen Lien. Han er utdanna innan sjukepleie, økonomi og administrasjon.

sverre-kolbeinsen-lien-foto-stina-steingildra1-nett.jpg
 
– Sverre har gjort ein god jobb i perioden og eg er glad for å få han med vidare, seier administrerande direktør Olav Klausen. Han ser fram til å få også Brandsø med i leiargruppa. – John Conrad er ein dyktig leiar med ambisjonar, seier Klausen.

– Eg går til denne jobben med audmjukheit og respekt for det gode arbeidet som alt er gjort, seier Brandsø sjølv, og viser med det til Berit Haaland som har leia både medisinsk og kirurgisk klinikk dei siste åra.

Brandsø er utdanna sjukepleiar og har ein master i kvalitet og leiiing for helsesektoren. Han har tidlegare deltatt i nasjonalt toppleiarprogram for helseføretaka.

john-conrad-brandsø-foto-stina-steingildra-1-intranett.jpg

– Eg vil bidra til at vi i klinikken drar i same retning, og at vi ser oss sjølv i eit større perspektiv. Eg håpar å vere ein leiar som klarer å engasjere seg i dei viktige detaljane, samtidig som eg legg til rette for at seksjonsleiarane kan gjere sin jobb godt.

Han startar i stillinga umiddelbart.

– Det er klart det er mye ein skal sette seg inn i. Utover å få oversikt over oppgåver og saker, håpar eg å få møte flest mogleg av dei dedikerte medarbeidarane nå i begynnelsen.

Berit Haaland held fram i direktørjobben, men skal no berre leie kirurgisk klinikk.


 
Dette er leiargruppa i Helse Fonna:
Administrerande direktør Olav Klausen
Fagdirektør Haldis Lier
Direktør klinikk for psykisk helsevern Kenneth Eikeset
Kommunikasjonssjef Margareth Langebro
Direktør kirurgisk klinikk Berit Haaland
Direktør somatikk Stord Reidun Mjør
Direktør medisinsk klinikk John Conrad Brandsø
Direktør medisinsk service og beredskap Sverre Kolbeinsen Lien
Direktør finans og økonomi Jan Håvard Frøyland
Direktør HR Helga Stautland Onarheim
Direktør internservice Leif Terje Alvestad