Ny vaksinasjonsrekord blant medarbeidarane

– Av 2050 innkjøpte dosar har vi no berre rundt 40 dosar igjen. Vi bestiller sjølvsagt fleire ved behov, og det er enno ikkje for seint å vaksinere seg, seier bedriftslege i Helse Fonna Anne-Marie Botnen Eggerud.

I Helse Fonna får alle medarbeidarar tilbod om gratis vaksine. Målet er at flest mogleg skal vaksinere seg mot sesonginfluensa for å beskytte sårbare pasientar mot smitte. Befolkinga ellers må oppsøke fastlege om dei ønsker å vaksinere seg mot sesonginfluensa.

Bedriftslege Anne-Marie Botnen Eggerud i Helse Fonna seier det framleis ikkje er for seint å vaksinere seg for å få effekt, verken for helsepersonell eller andre.

– Tar du vaksine no er det framleis innafor perioden der ein får effekt av vaksinen før den årlege «smittetoppen» kjem.

Dersom du er helsepersonell eller i risikogrupper, tilrår Folkehelseinstituttet at du vaksinerer deg mot sesongfluensa.

Sjekk om du bør vaksinere deg

Eggerud er full av lovord, både om medarbeidarar som tar vaksine for å beskytte pasientar og kolleger mot sesonginfluensa og om det flotte vaksinatørkorpset internt i Helse Fonna som har gjort ein stor innsats for å slå rekorden frå førre sesong.

Vaksine 2018 -medium.jpg

NØGD: Bedriftslege Anne-Marie Botnen Eggerud er nøgd med vaksineringsgraden så langt i sesongen. Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna

333 prosent dekning

– Alle skal ha skryt, men som eit eksempel på innsatsen vil eg trekke fram medisinsk poliklinikk og onkologisk dageining i Haugesund. Vaksinatørane her har vaksinert meir enn tre gonger så mange medarbeidarar som avdelingane faktisk har. Det gir ein vaksinasjonsgrad på 333 prosent, noko eg trur det skal bli vanskeleg å slå, seier Eggerud med eit glimt i auga. Forklaringa på det umoglege resultatet er enkel:

– Dei har tatt initiativ til å vaksinere alle som ønsker det utover eiga avdeling. Dei har vore innom portørane, i skranken, på medisinsk teknisk og fleire andre stader. Entusiasmen deira er formidabel, seier bedriftslegen.

1,6 millionar nordmenn er i risikogruppene

Vaksine er frivillig for medarbeidarane, men er eit viktig og effektivt tiltak for å beskytte sårbare pasientar mot influensa. I fjor var det i Noreg rundt 7600 sjukehusinnleggingar som følgje av influensa, og rundt 900 influensarelaterte dødsfall. Risikogrupper for alvorleg sjukdom, som for eksempel eldre menneske eller pasientar med svekka immunsystem, har generelt mindre effekt av vaksine.

– Derfor er det ekstra viktig for å redusere smitterisikoen for dei at vi som omgås dei er vaksinerte, seier Eggerud.