Ny styreleiar og nye styremedlemer i Helse Fonna

Eigarføretaket Helse Vest har peikt ut nye medlemer til styra dei lokale helseføretaka. Helse Fonna får ny styreleiar og tre nye styremedlemer.

Per Bjørn Habbestad går inn som ny styreleiar i Helse Fonna etter Kjell Arvid Svendsen. Styret får også tre nye medlemer: Anne Sissel Faugstad (spesialrådgivar i divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen), Kjersti Follesø (kommunelege i Bømlo) og Per Karlsen (økonomi- og finansdirektør i Helse Vest, eigarrepresentant). Kjell Arvid Svendsen går ut av styret saman med Gunnar Birkeland, Kristin Skorpen og Hilde Christiansen. Endringa gjeld frå 4. mars og første ordinære styremøte i Helse Fonna er 14. april.

– Det er spennandene å få inn nye styremedlemer, og eg ser fram til førstkomande styremøte der alle vil vere samla, seier administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna.

Styret er det øvste beslutningsorganet i Helse Fonna, og administrerande direktør rapporterer til styret. Dei siste åtte åra er det Kjell Arvid Svendsen som har vore styreleiar. Før dette var han nestleiar og styremedlem.

– Svendsen har gjort ein lang og viktig innsats for Helse Fonna og leia styret på ein god måte dei åra han har vore styreleiar. Eg har takka både han, Gunnar Birkeland, Kristin Skorpen og Hilde Christiansen for jobben dei har gjort og det gode samarbeidet vi har hatt, seier Klausen.

Styret i Helse Fonna har også fire medlemer som er valt av og blant dei tilsette. Desse fire held fram i styret, då det ikkje er val på desse medlemene no: Nina Budal, Pål Midbøe, Helge Espelid og Åse Berit Rolland.

Her kan du sjå oversikt over styret og lese styresaker frå Helse Fonna

Pressekontakt: Det er Helse Vest som peiker ut styremedlemer i Helse Fonna. Spørsmål om nye medlemer kan derfor rettast til Helse Vest via kommunikasjonsdirektør Bente Aae.