Ny økonomi- og finansdirektør er tilsett

Hege Etterlid (52) er tilsett som ny økonomi- og finansdirektør i Helse Fonna. Ho startar i stillinga 1. februar 2022.

Etterlid har jobba for Stord kommune i 16 år, dei siste 11 åra som økonomisjef. Ho startar i Helse Fonna 1. februar 2022. Etterlid er busett på Stord, og kjem til å dagpendle til Haugesund.

– Eg er veldig glad for å ha fått jobben, og dette blir veldig spennande. Eg håpar eg kan bidra med å byggje organisasjonen vidare, seier Etterlid.

– Helse Fonna er ein spennande organisasjon, og eg gler meg til å ta fatt på jobben.

​Det var åtte søkjarar til stillinga, tre kvinner og fem menn. HR-direktør Helga Stautland Onarheim er godt nøgd med søkjarlista, og ho som til slutt fekk jobben.

– Vi er glade for at vi har hatt fleire gode søkjarar å velje mellom. Hege Etterlid tar med seg solid kompetanse og erfaring. Ho blir ein god lagspelar saman med dyktige medarbeidarar i sitt team i økonomiområdet, seier Stautland Onarheim.

– Vi ser fram til å samarbeide med Hege og ønskje henne velkomen som medarbeidar i Helse Fonna.

Hege Etterlid.jpg

NY ØKONOMI- OG FINANSDIREKTØR: Hege Etterlid startar i stillinga 1. februar 2022. Foto: Privat