HELSENORGE

Ny klinikkoverlege

Borghild Aakra er tilsett som ny klinikkoverlege i Medisinsk klinikk etter Bjørn Egil Vikse.

I februar vart det kjent at Bjørn Egil Vikse skal over i ny jobb som fagdirektør i Helse Vest. No er etterfølgjaren klar: Borghild Aakra byrjar i jobben i juni, og skal overlappe med Vikse fram til ferien.

Borghild Aakra - foto Eirik Dankel_7.jpg

Spent: Borghild Aakra (44) byrjar i jobben som ny klinikkoverlege i Medisinsk klinikk 1. juni.  Eg tenkjer det kan vere sunt å trø ut av konfortsona i blant, seier ho. Foto: Eirik Dankel


​ Eg gler meg til å ta fatt. Men samstundes er eg litt nervøs. Skrekkblanda fryd, må vera oppsummerande. Det er mykje som er nytt, og eg har ikkje jobba så mykje administrativt før, seier Aakra.

 

Audmjuk

Borghild Aakra kjem opprinneleg frå Etne, ho har budd på Stord og jobba på Stord sjukehus i fleire år, før familien flytta til Haugesund i 2017. 44-åringen er gift og har tre gutar.

Aakra er indremedisinar og endokrinolog. Ho har dei siste åra jobba som overlege i medisinsk avdeling. Sidan august i fjor har ho jobba 50 prosent i Mottaksavdelinga, og 50 prosent ved medisin B.

 Kvifor søkte du jobben?

 Eg er glad i faget, og engasjert i jobben min. Eg likar godt interaksjonen med LIS-legane, og eg ynskjer å bidra til at vi kan skapa ei god spesialistutdanning. Dette går hand i hand med god og trygg pasientbehandling. Det er viktig å halde oppe breidda i faget,  forklarar Aakra.

 Men samstundes seier du at du er nervøs?

 Ja, eg går audmjukt til oppgåva. Men eg tenkjer alltid at det er sunt å trø ut av komfortsona, smiler den nye klinikkoverlegen.