Inger Cathrine Bryne er for tida på rundreise til helseføretaka på Vestlandet, og i førre veke besøkte ho Helse Fonna. Her fekk ho mellom anna orientering om HMS-arbeidet, byggprosjektet, tvang og sikkerheitspsykiatri, samhandling med kommunane, barnediabetes og barn og unges helseteneste.
Og det vart sjølvsagt brukt mykje tid på å diskutera koronasituasjonen.
- Koronapandemien har vist fram helsetenesta på sitt beste, også i Helse Fonna. Måten ein samarbeider på for å finne løysingar på utfordringar vi visste lite om er noko vi må ta med oss vidare inn i «fredstid», seier Bryne.

På besøk: Helse Vest-direktør Inger Cathrine Bryne (t.v.) saman med Helse Fonna-direktør Olav Klausen. Foto: Eirik Dankel
Helse Vest og helseføretaka held i desse dagar på å evaluera korleis dei har takla Covid 19-situasjonen så langt. Eitt av dei kritiske punkta i starten av pandemien var mangelen på smittevernutstyr.
- Her brukte vi for lang tid på å komma ut av startblokka med å sikre utstyr, men så kom forsyningane. I dag har vi nok smittevernutstyr for mange år med eit normalt forbruk, seier Bryne.
Inger Cathrine Bryne overtok som leiar for Helse Vest RHF etter Herlof Nilssen i april. Ho kom då frå stillinga som administrerande direktør i Helse Stavanger HF. Ho er utdanna sjukepleiar frå Stavanger Røde Kors Sykepleierhøgskole, og har ein Executive Master of Business Administration (MBA) frå Norges Handelshøyskole (NHH). I perioden 1995 til 2011 hadde ho fleire leiarstillingar ved Sørlandet sykehus. I 2011 gjekk turen heim til Stavanger og her hadde ho ulike leiarstillingar fram til ho vart tilsett som administrerande direktør i Helse Stavanger HF i 2015.
Bryne var raus med rosen då ho besøkte Haugesund sjukehus.
- Det er flott at eit middels stort føretak i norsk samanheng som Helse Fonna utmerkjer seg på mange måtar, og såleis bidreg til å løfta heile Helse Vest. De får til svært mykje, både innan psykisk helsevern, somatikk og forsking, rosa Bryne.
Det er for tida byggjeprosjekt i milliardklassen både i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde, og Helse Vest-direktøren er glad for god framdrift og kontroll på alle byggjeprosjekta.
- Det er det ikkje mange som får til i koronapandemien, slår Inger Cathrine Bryne fast.
.jpg?RenditionID=11)
Tøff start: Inger Cathrine Bryne byrja som adm. dir. i Helse Vest like før korona-pandemien braut ut i Noreg. Men pandemien har også ført til eit betre samarbeid mellom helseføretaka. Foto: Eirik Dankel