No treng ikkje pasientane å stå i kø ute

Nytt køsystem i vestibylen betrar tilhøva for pasientar og pårørande. 

No er nytt køsystem på plass i vestibylen på Haugesund sjukehus (sjå biletet under), noko som gjer at pasientane kan komme seg innomhus og slepp å vente ute i regn og blåst.

Smittevernreglar og koronatiltak gjer at alle besøkande skal innom resepsjonen for registrering og kontroll, før dei får gå vidare inn i Helse Fonna sine sjukehus.

køsystem-vestibyle.jpg

Resepsjon Haugesund - 27-3-2020 - foto Eirik Dankel.jpg

Varmare velkomst: Dagmara Lukasiewicz (t.v.) og Henriette Berntsen har fått ein travlare kvardag når dei i resepsjonen også må fungere som adgangskontroll. Men no slepp pasientar og pårørande stå i kø ute lenger. Foto: Eirik Dankel

- Vi går mot sein haust og vinter, der det er nødvendig å skjerme dei som har ærend på sjukehuset for vind og dårleg vêr. Konsekvensen blir at vi som jobbar her må endre åtferd. Hovudinngangen er berre for pasientar og pårørande, og vi har også låst sidedøra. Dersom tilsette brukar hovudinngangen, vil dei hamne i køen i lag med pasientar og pårørande, noko som fører til lenger kø enn det som er nødvendig. Difor er den beste løysinga for alle at dei tilsette brukar personalinngangen via psykiatrisk blokk kvar dag, også i helgedagar. For nokre tilsette vil nok dette opplevast som ei ekstra belastning, forklarar seksjonsleiar Jens Ove Hovda i Drift ved Haugesund sjukehus, som håpar dei tilsette har forståing for kvifor ein gjer dette, og rettar seg etter oppmodingane.

Det er viktig å presisere at hovudinngangen heller ikkje bør brukast som utgang for tilsette.

Her er inn-/utgangane tilsette skal bruke:

* Inngang A og personalinngang psyk-blokk (sjå bilete under): Inn- og utgang heile døgnet

* Sykkelparkering/atriet: Kun inn-/utgang frå sør

* U-etg, ved sterilsal: Inn- og utgang heile døgnet

inngangA-merket.jpg