No må du igjen betale for timen om du ikkje møter opp

Sjukehusa vil igjen krevje betaling viss pasienten ikkje møter til timen sin. Under koronapandemien blei pasientar fritatt for dette, men frå 1. september er ordninga gjeldande igjen.

– Pasientar bør sjølvsagt alltid møte til oppsett time, men no vil det igjen føre til krav om betaling om ein lar vere, seier avdelingsleiar for helsedata Linda Ånderå Bokn i Helse Fonna.

Linda Bokn - foto Eirik Dankel_4.jpg

I slutten av mars i år blei det vedtatt gjennom forskrift at ingen pasientar skulle betale for å ikkje møte til timen sin. Endringa blei vedtatt å gjelde fram til 1. september 2020. Landets sjukehus vil derfor frå i dag igjen krevje betaling dersom pasienten ikkje møter til poliklinisk time utan å gi beskjed innan fristen.

Gi beskjed om du ikkje kan møte

–  Viss du veit at du ikkje kan møte til timen din, må du gi beskjed til sjukehus eller DPS så snart som mogleg. Vil du unngå å likevel måtte betale for timen, må du gi beskjed seinast 24 timar før oppmøtetid, seier Bokn.

– Det å møte til timen er viktig for at du og andre pasientar skal ha kortast mogleg ventetid. Jo fleire som flyttar på timane sine, jo lengre blir ventetida for pasientane og jo meir tid brukar vi på administrasjon, seier Bokn.


Bruk helsenorge.no

Ved å logge inn på helsenorge.no kan du sende oss melding, sjekke dine reseptar, få oversikt over timeavtalane dine og se journalen din.

Gå til helsenorge.no


Fann du det du leita etter?