No kan du møte sjukehuslegen på video

... men då må du registrere samtykke først. Helse Fonna ber no alle innbyggarar som ønsker moglegheit for sjukehustime på video om å registrere sitt samtykke på helsenorge.no

– Videokonsultasjonar vil gjere det mogleg å gjennomføre sjukehustimar som elles kan bli utsette på grunn av koronasituasjonen. No jobbar vi for å rigge oss for dette internt i sjukehusa og ber samtidig innbyggarane om å registrere sitt samtykke for at det skal vere mogleg å kalle inn til slike videokonsultasjonar. 

Det seier prosjektleiar Torunn Skogland i Helse Fonna. Ho understrekar at ein framleis må ha tilvising frå fastlege for å få time i sjukehus. 

– Dette vil fungere som ein vanleg sjukehustime, berre at det er på video. Både psykisk helsevern og somatikk vil ta i bruk denne tenesta, seier Skogland. 

Nokre timar er det likevel ikkje aktuelt å ta på video.

– Dersom ein for eksempel skal ta prøvar eller legen må undersøke deg fysisk vil det sjølvsagt ikkje vere aktuelt med ein videokonsultasjon. Men for veldig mange sjukehustimar vil dette vere eit godt alternativ. Særleg no når timen elles kanskje ville ha blitt utsett, seier Skogland.

Slik går du fram for åtakke ja til videokonsultasjon

  • Gå til https://minhelse.helsenorge.no/ og logg deg inn
  • Klikk på namnet ditt oppe i høgre hjørne slik at menyen opnar seg
  • Velg «Bruk av helsetjenester og ordninger»
  • Under «Bruk av Helsenorge» klikkar du på "Endre innstillinger" for å sjekke at du har det som heiter "Full tilgang".  Det skal sjå slik ut:¨
samtykke-full.JPG
  • Ferdig! Du vil no kunne motta innkalling til videokonsultasjon frå Hese Fonna. Hugs å logge deg ut frå helsenorge.no når du er ferdig.