No blir det dyrare å ikkje møte til sjukehustimen

Frå nyttår må du betale 1053 kroner viss du droppar å møte til timen din utan å gi beskjed til sjukehuset. Regjeringa har auka prisen med 50 prosent for å få fleire pasientar til å møte opp.

– Når pasienten ikkje møter til timen sin, skapar det problem for mange. Pasienten sjølv får ikkje den helsehjelpa vedkomande treng, andre pasientar som kunne brukt timen får lengre ventetid enn nødvendig og det er eit samfunnsøkonomisk tap at legar og sjukepleiarar står klare på sjukehuset, men ikkje får brukt den tida til pasientbehandling.  

Det seier Torunn Skogland i Helse Fonna. Ho er prosjektleiar for «Vel planlagt», som mellom anna skal sikre at sjukehusa i Helse Fonna planlegg sjukehustimar godt for å sikre kortare ventetid og betre oppmøte. 

Sjå kva du kan gjere for å bidra til kortare ventetid og betre ressursbruk i sjukehus

  1. Bruk timen du har fått
    Dersom du må endre timen din, kan det bety lengre ventetid for deg, fordi vi må finne neste gong vi har ledig rett behandlar, rom og utstyr til deg.
  2. Dersom du må endre timen din, gi beskjed i god tid
    Då kan vi gi timen til nokon andre, som dermed får kortare ventetid. Du må gi beskjed seinast 24 timar før timen din for å unngå å betale for å ikkje møte
  3. Møt godt førebudd
    I innkallingsbrevet ditt får du informasjon om nødvendige førebuingar før timen. Skal du faste eller slutte med medisinar før timen? Dersom du møter førebudd, kan timen gjennomførast som planlagt.

Viss du ikkje kan møte til timen din, ring oss på telefon 52 73 25 00 eller send oss ei melding via helsenorge.no

 
 
mobil-logginn.jpg 
Fleire møter opp med påminning på mobilen

– Etter at Helse Fonna begynte med påminning på SMS to dagar før timen, har talet heldigvis gått ned. Men framleis er det kvart år 10 000 timar som ikkje blir gjennomført fordi pasienten ikkje møter opp og ikkje gir beskjed til oss, seier Skogland.

Ho trur auka betaling kan bidra til at nokon fleire passar på å møte opp eller gi beskjed, men legg vekt på at andre tiltak er nødvendige for å komme i mål.

– Vi skal legge til rette for at pasientane brukar timen sin, så vi må ta vår del av ansvaret. Det skal vi gjere ved å bli betre på planlegging og informasjon til pasientane. Vi er allereie meir tilgjengelege ved at vi har starta eit eige enter som tar i mot telefonar frå pasientar som har time på sjukehuset. Nå er det mykje lettare å komme gjennom på telefon enn før, slik at du får svar på spørsmål eller får gitt beskjed om timen din, seier Skogland.

Ho seier fleire avdelingar er i gang med å legge om måten dei planlegg timar på, men innrømmer at det er meir komplisert å planlegge godt enn ein skulle tru. 

– Vi skal finne eit tidspunkt der vi har tre nødvendige ting tilgjengeleg: Éin eller fleire behandlarar og støttepersonell med rett kompetanse, ledige rom og rett utstyr. Då skal vi også planlegge for akutt og øyeblikkeleg hjelp. Vi har heilt klart forbetringspotensiale her, og det skal vi prøve å hente ut gjennom «Vel planlagt»-prosjektet, seier Torunn Skogland.

Dette skal Helse Fonna gjere for at fleire møter til timen sin:

  1. Planlegge betre og lenger fram i tid
    Vi tar i bruk betre system for planlegging av timar. Målet er at vi raskt skal gi deg ein dato for timen, og at vi skal planlegge lenger fram i tid.
  2. Gi deg rask og god informasjon
    Vi bruker SMS og digitale brev for å gi deg informasjon om timen din.