HELSENORGE

Musikkterapi er komme for å bli

Malena Grov Ottesen, Olaug Sandve og Kaja Linder Hendriksen er utdanna musikkterapeutar og har eit brennande engasjement for faget. No skal dei tre byggje opp musikkterapitilbodet i Helse Fonna.

– Spel og moro er også bra terapi! Det handlar om læring, meistring og identitet, og å ta det friske inn i sjukehuset, seier Helse Fonna sine tre ferske musikkterapeutar.

Musikkterapeuter desember 2021 - foto Eirik Dankel_20.jpg

Helse Fonna melde seg inn i «Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi» tidleg i 2021, og då skjedde ting fort: I august vart dei første musikkterapeutane tilsette i føretaket.

– Musikkterapi kjem for alvor inn i psykisk helsevern. Helse Bergen utvida musikkterapitilbodet til alle sine DPS i 2017, og no har Helse Fonna gjort det same. Dette breier meir og meir om seg, og i dei nyaste retningslinjene for psykosebehandling for vaksne er musikkterapi anbefalt, opplyser Malena Grov Ottesen, som er tilsett ved psykosepoliklinikken ved Haugaland DPS.

Musikkterapi har vore etterspurt av pasient- og brukarorganisasjonar, noko som har vore viktig for at musikkterapi får plass i behandlingstilbodet til personar med psykisk liding.

Brenn​ for faget

Mykje har skjedd på kort tid. På Haugaland DPS har dei fått eit eige musikkrom, og dei har etter kvart kjøpt inn ein del instrument og anna utstyr. Her er både gitar, el-piano og diverse rytmeinstrument pressa inn på det litt tronge musikkrommet.

– Håpar å få litt større plass etter kvart, smiler Grov Ottesen, som har erfaring frå Helse Bergen. Ho kjem opphavleg frå Stord, men har no flytta til Haugesund for å vere med å utvikle musikkterapi på Haugalandet.

– Eg brenn for at Helse Fonna sitt opptaksområde skal være ein stad der alle som ønskjer og treng det skal kunne få tilbod om musikkterapi og der det skal vere godt å jobbe som musikkterapeut.  Musikkterapi er eit fag i medvind, slår Grov Ottesen fast.

På BUP Haugesund deler Olaug Sandve og Kaja Linder Hendriksen ei full stilling.

Musikkterapeuter desember 2021 - foto Eirik Dankel_2.jpg

Nytt tilbod: Malena Grov Ottesen (t.v.), Kaja Linder Hendriksen og Olaug Sandve er dei første musikkterapeutane som er tilsette i Helse Fonna. Foto: Eirik Dankel


Sandve er lokalt forankra musikkterapeut og eldsjel som har jobba med utvikling av musikkterapi på Haugalandet i ei årrekkje. Ho har jobba lenge for at musikkterapi skal vere eit tilbod mellom anna for pasientar ved sjukehusa i Helse Fonna. Sandve er engasjert både i rekruttering av musikkterapeutar og informasjonsarbeid til helseføretak og kommunar.

Linder Hendriksen er musikkterapeut frå Fredrikstad, med erfaring frå prosjekt som «flere farger Askøy». Ho vert omtalt som er leiken og kreativ. No pendlar ho mellom Bergen og Haugesund for å hjelpe med å byggje opp musikkterapitilbodet i Helse Fonna.

 

 Pasientstyrt behandlingsform

Ved å bruke musikkterapi vil pasienten saman med musikkterapeuten utforske dei moglegheitene musikken kan gje med å jobbe med utfordringar på ein god måte. Musikkterapi kan skje individuelt eller i grupper. Terapien er tilrettelagt for alle, både dei som kan spele, eller dei som har lite eller ingen erfaring.

Ifølgje forsking så kan musikkterpi redusere angst, depressive symptom og negative symptom ved psykose, og forbetre den generelle psykiske helsetilstanden, livskvalitet, og auke både motivasjon og sosiale funksjonsnivå.

 Dette er eit nytt tilbod og vi driv framleis og tilpassar oss. Vi opplever at leiarane våre er positive og gir oss frie tøylar, seier Sandve.

Musikkterapeuter desember 2021 - foto Eirik Dankel_16.jpg

Tilbodet blir utforma etter ynskje frå pasienten. Vil pasienten lytte til musikk, gjer ein det. Vil han spele gitar, gjer dei det.

–​ Det handlar om meistring, og relasjonelle ferdigheiter som ein tek med seg vidare ut i livet. Ved å dele musikalske opplevingar, eller stå på ein scene og spele musikk, så føler ein seg friskare. Då kan ein få eit nytt syn på seg sjølv, og måten omverda ser på deg. Vi er også terapeutar, det går an å snakke med oss. I tillegg har vi tett og nært samarbeid med hovudbehandlaren, fortel Grov Ottesen.

Klinikkdirektør i Klinikk for psykisk helsevern, i Helse Fonna, Kenneth Eikeset, er godt nøgd med at dei kan tilbyd eit nytt behandlingstilbod.

– Bakgrunnen for satsinga på musikkterapi er at dei aller fleste menneske har eit forhold til musikk og bruk av musikk i behandlinga fremjer tilfriskningsprosessane. Musikk kan lette kommunikasjon, styrke behandlingsrelasjoner og gje meistring og sjølvtillit, seier Eikeset.

 

Leiger inn mu​sikkterapeutar

Også ved Stord DPS og Folgefonn DPS har dei fått musikkterapeutar, men ikkje eigne tilsette. Her leiger dei inn musikkterapeutar. Ian Kolstad blir leigd inn frå Stord kulturskule, og jobbar 20 prosent på Stord DPS/BUP. Kristiana Zaurina blir leigd inn til Folgefonn DPS to dagar i veka, der ho har gruppe- og individualtilbod på døgnposten og individuelt i poliklinikk. Elles jobbar ho som musikkterapeut i eldretenesta.

musikkterapeut folgefonn.jpg

Folgefonn DPS: Kristiana Zaurina jobbar to dagar i veka på Folgefonn DPS. Ho har musikkterapi i grupper på post, og individuelt i poliklinikk. Foto: Folgefonn DPS


Også Valen sjukehus har eit musikktilbod. Kvar onsdag kjem Trond Betten og tilbyr musikkaktivitet. Betten er utdanna pedagog, har eit stort engasjement og har jobba mange år i psykiatrien.

– Mitt inntrykk er at dette tilbodet er svært godt motteke av pasientar på dei ulike dageiningane på Valen sjukehus. Betten er ein hyggjeleg mann som kjem godt overeins med menneske, seier avdelingsleiar Marianne Lund Anderssen ved Valen sjukehus.​