Møt trygt opp til timen din

No trappar vi opp igjen den planlagde aktiviteten ved sjukehuset. Vi har strenge rutinar for smittevern for å hindre at du blir smitta eller kan smitte andre under koronapandemien.

Grunna koronavirus-epidemien har mange planlagde operasjonar og polikliniske avtalar blitt utsett i Helse Fonna. Sidan tilstrøyminga av pasientar med covid-19 no har flata ut, trappar våre sjukehus opp att aktiviteten frå og med måndag 20. april.

Men før pasientane kjem til timen, vil vi forsikre oss om at dei ikkje er smitta med covid-19. Og for å avgrense trafikken inn i sjukehusa vil vi framleis tilby konsultasjon via telefon eller video.

Målet er at vi skal kunne handtere korona-pandemien over tid samstundes som vi skal gi andre pasientar nødvendig helsehjelp slik at dei ikkje taper for mykje.

 

Er du usikker på om du kan møte til timen din? 

Har du siste 14 dagar fått nyoppstått symptom som hoste/sår hals, feber, tungpust, endra smaks- eller luktesans, eller vore i nærkontakt med koronasmitta, må du melda frå via helsenorge.no eller telefon 52739000 før du kjem til timen. Du må også kontakte oss om du ikkje kan møte til timen. Møter du ikkje opp eller avbestiller seinare enn 24 timar før, må du betale gebyr etter gjeldande takst.

Pasientar som skal til operasjon vil bli kontakta på telefon i forkant av timen for å gjennomgå nokre kontrollspørsmål knytt til kontakt med korona-viruset og eventuelle symptom på sjukdom. Du vil også bli stilt dei same spørsmåla ved oppmøte for å sikre at de ikkje tar med smitte inn i sjukehuset. 

Når du kjem til sjukehuset 

Det er framleis besøksforbod og adgangskontroll ved våre sjukehus og DPS. Berre pasientar som treng følgje kan ha pårørande med seg inn på sjukehuset. Me ber om at ein avgrensar talet på pårørande til ein person. Dersom pårørande/hjelpepersonell skal følge med, må vedkommande også svare på spørsmåla.   

Besøksforbod ved sjukehus og DPS - her er reglane du må følgje

Slik situasjonen er no, trappar vi opp igjen den planlagde aktiviteten. Men korona-pandemien kan endre seg, noko som vil føre til at sjukehuset må omprioritere, og det kan komme endringar i planlagde timar på kort varsel.