I juni blei det klart at Forskingsrådet ville gi den rekordstore tildelinga til ANeED. No er den reviderte søknaden godkjent.
ANeED-studien er leia frå Helse Fonna og består av tre arbeidspakkar. Med på laget i arbeidspakke 1 om bruk av digitale einingar til å samle verdifull informasjon om pasienten er samarbeidspartnarar som Universitetet i Bergen, Atea, Dele Health Tech og Høgskulen på Vestlandet.
– Vi skal teste berbare einingar på pasientane for å setje diagnose, måle medisineffekt og på sikt lage ein app som kan brukast til klinisk forsking i tilsvarande studiar, forklarar prosjektleiar og forskar Arvid Rongve i Helse Fonna.
Berbare einingar gir ny informasjon
Pasientane i studien har såkalla lewylekamdemens (DLB) i tidleg fase. ANeED-studien skal teste om medisinen ambroksol kan ha effekt på sjukdomsmekanismane bak DLB. Pasientane skal også bruke sensorar i form av smarttelefon, smartklokke, smarte briller og eit hovudband. Informasjonen dei samlar inn håpar forskarane skal avdekke det som blir kalla digitale biomarkørar for sjukdom. Dette vil kunne brukast til å stille diagnosen tidlegare og til å vurdere medikamenteffekt.
– Dette er informasjon vi ikkje kunne ha samla inn på ein annan måte og som gir heilt nye moglegheiter. Med desse hjelpemidla kan vi samle detaljert informasjon om pasienten 24 timar i døgnet over lengre tid, seier Rongve.
Han ser føre seg at informasjonen også vil kunne brukast til å utvikle såkalla prediktive algoritmer som vil kunne sjå at pasienten er i fare for å falle, og sende eit varsel for å hindre det i å skje.
Sjå film om ANeED-studien Arbeidspakke 2 handlar om pårørande-stress og arbeidspakke 3 er eit såkalla PPI-program, som handlar om korleis ein kan få best mogeleg rekruttering til studiet. Her er Høgskulen på Vestlandet og det regionale kompetansesenteret for eldremedisin og samhandling ved Stavanger universitetssjukehus SESAM med som samarbeidspartner.
Nådde opp i sterk konkurranse
Dette er ei tilleggsløyving til studien som alt er i gang, der ein ser nærare på
effekt av ambroksol ved demens med lewylegemer. Arvid Rongve og hans team er alt godt i gang med å undersøkje om medisinen ambroksol kan ha effekt ved kognitiv svikt som følgje av lewylekamsjukdom (DLB). Ambroksol er brukt som hostemedisin, men har vist seg å ha effekt mot ein sentral sjukdomsmekanisme ved DLB.
Det kom inn 423 søknadar til Forskningsrådet, og berre 91 prosjekt nådde opp.
– Vi fekk inn svært mange sterke søknader. Det er veldig positivt å sjå at det er stor vilje blant forskingsmiljø, bedrifter og det offentlege til å gyve laus på dei utfordringane dei møter i sin kvardag. Arbeidet som forskingsorganisasjonane og deira partnarar har lagt ned i søknadene er imponerande, seier administrerande direktør Mari Sundli Tveit i Forskningsrådet
på eigne nettsider.