Strevar med korona-etterslep:

Men psykisk helsevern blant dei beste i landet

Aktiviteten i Helse Fonna er tilnærma som normalt, og planlagt, etter den mest hektiske «korona-perioden» i vår. Men det er framleis ein del etterslep når det gjeld ventetid og inntekter.

- Det økonomiske resultatet for september var 5,4 millionar kroner betre enn budsjett. Akkumulert er resultatet om lag 45,4 mill. under budsjett. Det er i perioden lagt inn tildelte «koronamidlar» med 14 mill. kr., heiter det i rapporten som adm. dir. Olav Klausen la fram for styret torsdag.

Helse Fonna ligg likevel an til å klare årsresultatet i høve til budsjett, som er 40 millionar kroner i pluss, dersom ein får kompensasjon for tapte aktivitetsbaserte inntekter til og med mai månad.

Best i landet

Aktiviteten målt i talet på innleggingar var som planlagt, dagbehandling lågare enn planlagt og poliklinikk har vore høgare enn planlagt i månaden. Gjennomsnittleg ventetid for alle behandla pasientar var 64 dagar. Eigarkravet er under 50 dagar innan 2021. Innan somatikken var ventetid for alle behandla pasientar 66 dagar (eigarkrav under 56 dagar), innan psykisk helsevern for vaksne 37 dagar (eigarkrav under 40 dagar), innan rusfeltet 12 dagar (eigarkrav under 30 dagar) og innan BUP-feltet 24 dagar (eigarkrav under 35 dagar). 625 pasientar på ventelistene har ikkje fått time innan fristen som er sett.

- Innan barne- og ungdomspsykiatrien var ventetid for behandla pasientar på 24 dagar. Dette er den lågaste målte ventetida for BUP-feltet nokosinne. Det har blitt sett i verk ei lang rekkje tiltak for å nå målkravet på 35 dagar. Hovudfokus har vore på rekruttering av behandlarar i poliklinikk i ledige stillingar, god pasientlogistikk og effektive pasientforløp. Ein har langt på veg lukkast med å rekruttere til ledige stillingar ved både BUP Haugesund og BUP Stord. Ved utgangen av september hadde ein tre ledige stillingar ved BUP Haugesund. Prosjekta «Alle møter», «Vel møtt» og «Barn og unges helseteneste» har bidrege til betre pasientlogistikk og meir effektive pasientforløp. For vaksenpsykiatrien var ventetida 37 dagar. Dette er godt innafor det regionale målkravet på 40 dagar. Som i BUP-feltet har ei av utfordringane vore rekruttering av behandlarar i poliklinikk. Dette har betra seg over tid, men framleis er det utfordrande å rekruttere spesialistar, heiter det i rapporten frå verksemda.

Med desse tala utmerkjer Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Fonna seg som best i landet når det gjeld ventetider, noko styret uttrykte dei var godt nøgde med.

Arbeidet for å oppretthalde kort ventetid i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), og for å nå eigarkravet på ventetider i somatikken, vil halde fram, men resultata avhenger av korleis den pågåande Covid19-pandemien utviklar seg.

Styret 2020 - foto Eirik Dankel.jpg

Styret positive: Adm.dir. Olav Klausen presenterer den eksterne revisjonsrapporten om byggjetrinn 2. Styret i Helse Fonna vedtok å sende konseptrapporten vidare til godkjenning i Helse Vest RHF. Foto: Eirik Dankel


Vedtok byggjetrinn 2

Sidan førre styremøte har konseptrapporten som omhandlar byggjetrinn 2 ved Haugesund sjukehus vore ute til ekstern vurdering. Tilbakemeldingane frå firmaet PWC var gode, og styret godkjende difor planen som går ut på vidare utbygging mot aust, altså Karmsundgata.

Saka vert difor sendt vidare til godkjenning i styret i Helse Vest RHF i desember, og austalternativet blir vidareført til forprosjekt om det blir gitt lån på statsbudsjettet. Målet er å lyse ut anbod for forprosjekt til sommaren, med mål om byggjestart i 2023, og ferdigstilling i 2025.

Omvisning.jpg

Fekk omvising: Styret i Helse Fonna fekk etterlengta omvising i nybygget i Haugesund, under strenge smitteverntiltak. Prosjektet er i rute, og bygget skal vere klar til innflytting om ti månader. Frå venstre Geir Søndenå (byggprosjektet), Pål Osjord Midtbøe, Grete Müller (leiar i brukarutvalet), Kjersti Follesø, Helge Espelid, Per Bjørn Habbestad (styreleiar) og Anna-Marie Pettersen Tveita (byggprosjektet). Foto: Magne Kydland

Omvisning 32.jpg

Smitteverntiltak: Anna-Marie Pettersen Tveita (nummer to frå høgre) viser fram nybygget til adm. dir. Olav Klausen, Nina Budal og Åse Berit Rolland (t.h.). Foto: Magne Kydland