Medisinsk poliklinikk vann arbeidsmiljøprisen

"Motiverande" og "inspirerande" er ord juryen bruker om vinnaren medisinsk poliklinikk ved Haugesund sjukehus. Prisen blei delt ut under det årlege arbeidsmiljøseminaret i Helse Fonna.

– HMS-arbeid lønnar seg! Det var funksjonsleiar Solveig Skorpe sin spontane reaksjon på prisen. Ho fortalte at eininga har jobba systematisk dei siste åra og hatt ei bratt læringskurve.

arbeidsmiljøprisen2019-foto-stina-steingildra-1.jpg

Vel fortent: Administrerande direktør Olav Klausen delte ut prisen til medisinske poliklinikk. Den blei tatt i mot av funksjonsleiar Solveig Skorpe, sjukepleiar Anne Kathrine Nordstrøm, seksjonsleiar Lise Bruntveit og fotterapeut Bodil Elvie Tungland.

– Gratulerer med ein vel fortent pris i sterk konkurranse med fleire gode søkjarar, sa administrerande direktør Olav Klausen, som fekk æra av å dele ut prisen.

Søknaden er motiverande, inspirerande og har læringsverdi for andre.

Frå juryen si grunngjeving
 

 
Leiar i arbeidsmiljøutvalet Herborg Tegle sa det hadde vore oppløftande å lese søknadane.

– Det viser at det skjer mykje godt og systematisk HMS-arbeid i Helse Fonna.

Herborg Tegle og Olav Klausen 2019 - nett.jpg

Mykje godt arbeid: Administrerande direktør Olav Klausen og leiar i arbeidsmiljøutvalet Herborg Tegle er imponerte over gode søkjarar.

Prisen er ein diplom og 25 000 kroner.

Frå juryen si grunngjeving:


Vinnaren viser eit stort engasjement for grunnleggande arbeidsmiljøfaktorar. Dei peikar også på samanhengen mellom godt arbeidsmiljø og god pasientbehandling.

Medisinsk poliklinikk har ein tydeleg HMS handlingsplan og synleggjer bruk av årshjul i det systematiske HMS-arbeidet. Dei viser også konkrete verkemiddel for å nå HMS-måla.

Søknaden er motiverande, inspirerande og har læringsverdi for andre.

Tidlegare vinnarar av arbeidsmiljøprisen i Helse Fonna

2018: Nyfødtintensiv
2017: Seksjon fysikalsk medisin og rehabilitering
2016: Hemato/endo/infeksjon
2015: Føde/barsel/gyn, Stord sjukehus
2014: Intensiv, Haugesund
2013: Indremedisin, Stord