Medarbeidarar i Helse Fonna knuste fjorårets vaksinerekord etter berre éi veke

Over 2300 medarbeidarar i Helse Fonna har tatt vaksine mot sesonginfluensa på berre éi veke. Det er fleire enn i heile fjorårets vaksinasjonsperiode til saman.

– Totalt har vi no bestilt inn 2400 dosar til Helse Fonna, og vi er berre i andre veka av årets vaksineringsperiode, seier bedriftssjukepleiar Vibeke Svendsen Ness i bedriftshelsetenesta i Helse Fonna. Det er dei som bestiller og koordinerer arbeidet med å vaksinere flest mogleg helsepersonell mot sesonginfluensa. 

– Vi gjer det for å beskytte pasientane. Unge, friske folk tåler som regel influensa greit, men sjuke, eldre og andre i risikogruppene kan bli alvorleg sjuke. I verste fall snakkar vi om at det er fare for livet, seier Svendsen Ness. 

Ho meiner haldninga har endra seg til at det å vaksinere seg følgjer med arbeidet for å ivareta dei sårbare pasientane og redusere smittepresset for dei som av ulike grunnar ikkje kan vaksinere seg.  

Vaksine er frivillig for helsepersonell, men det er eit mål at Helse Fonna skal legge til rette for å nå eit mål om 75 prosent vaksinasjonsdekning.

vibeke-nesse-foto-stina-steingildra-1-small.jpg

NY REKORD: Bedriftssjukepleiar Vibeke Svendsen Ness er strålande nøgd med ny rekord - igjen. Foto: Stina Steingildra, Helse Fonna

 Trur på enno høgare tal

Sjølv om rekorden allereie er grundig slått, trur ho talet vil stige ytterlegare. 

– Vi vaksinerer medarbeidarar heilt til midten av januar, men vi håpar dei fleste som vil ha vaksinen tar den så raskt som mogleg og helst innan desember. Det er for å få effekt før den årlege toppen i influensasesongen som kjem i februar og av og til så tidleg som i januar.  

Vaksinasjonsgraden har stige jamt blant helsepersonell i Helse Fonna dei seinare åra. Både i fjor og året før sette helseføretaket nye rekordar internt. I 2016 brukte helseføretaket rundt 750 dosar, i 2017 passerte ein 1100 og i fjor blei det mellombels rekord med rundt 2030 dosar. Svendsen Ness meiner eit stort vaksinatørkorps med engasjerte medarbeidarar skal ha mykje av æra. 

– Eg tror suksesskriteriene er fleire, men det ligg heilt klart mykje arbeid bak. Vaksinering og vaksinedekning er sett på dagsorden både av oss i bedriftshelsetenesta og av leiiinga i Helse Fonna. Det har gitt fokus dei siste åra. Samtidig har interne vaksinatørar og mange andre medarbeidarar drive med godt informasjonsarbeid til eigne kollegaer for å få bukt med myter og motforestillingar mot vaksinen.

vaksinatørar-foto-stina-steingildra-1-lite.jpg

TRØR TIL: Anne Kathrine Nordstrøm, Solveig Skorpein og Randi Tindeland ved medisinsk poliklinikk er tre av mange interne vaksinatørar som sørgjer for at kolleger har enkel tilgang på vaksine i arbeidstida. Foto: Stina Steingildra, Helse Fonna

Klarar du desse? Feil eller fakta om influensavaksine

? Du kan få influensa av vaksinen

FEIL!
Vaksinen er basert på inaktive deler av viruset og kan ikkje gi influensa. Enkelte kan få feber som ein biverknad, men det er ikkje influensa.

? Det er berre sunt å få influensa, det betrar immunforsvaret ditt

FEIL!
Studier viser at det å vaksinere seg mot sesonginfluensa årleg gjer kroppen din stadig meir motstandsdyktig mot influensa.

? Det er nokon som ikkje kan vaksinere seg

FAKTA!
Det er ikkje mange, men enkelte som har medisinske tilstandar som gjer at dei ikkje bør ta vaksine. Allergi mot egg kan vere éi årsak, ettersom egg inngår i produksjonen av vaksine. 

? Viss du har vaksinert deg, kan du ikkje få influensa

FEIL!
Vaksinen har ca 60 prosent effekt. Det vil seie at 40 prosent som har tatt vaksinen likevel vil kunne bli sjuke dersom dei blir utsette for smitte.