Medarbeidarar har testa positivt på Covid-19

Fire medarbeidarar ved Haugesund sjukehus har fått påvist Covid-19. Dette kan få konsekvensar for planlagt behandling. Besøksstopp blir også vurdert.

Onsdag fekk to medarbeidarar ved Haugesund sjukehus påvist Covid 19, og totalt måtte åtte pasientar og tolv medarbeidarar i karantene. Torsdag kveld fekk to nye medarbeidarar positiv test, slik at no er det 4 smitta medarbeidarar, og 12 pasientar og 15 medarbeidarar er i karantene, fordi dei er definerte som nærkontaktar.

Dei tre koronapasientane som har vore innlagt ved Haugesund sjukehus vart skrivne ut torsdag. Dermed er det ingen innlagte pasientar med Covid-19 i Helse Fonna.

Totalt er det over 40 medarbeidarar i koronarelatert fråvere.

Dei smitta medarbeidarane har følgt alle rutinar og smittevernreglar, og det er ingen grunn til å vere engsteleg for å møte opp til avtalt behandling.

Førebels har ikkje denne hendinga gått ut over drifta ved sjukehuset, men det kan hende at noko planlagt behandling må utsetjast.

- Men vi ber pårørande om å vurdere om det er naudsynt å komme på besøk. Vi ønskjer minst mogeleg besøkande på sjukehusa våre når smittesituasjonen lokalt er så uoversiktleg. Det kan også bli aktuelt å innføre besøksstopp, seier Klausen.

Haugesund sjukehus - inngang - foto Eirik Dankel.jpg

Vurderer besøksforbod: Tre smitta pasientar, to medarbeidarar, og fleire i karantene. Helse Fonna vurderer no å stengje Haugesund sjukehus for besøk. Foto: Eirik Dankel