Medarbeidar har testa positivt på Covid-19

Ein medarbeidar ved Haugesund sjukehus har fått påvist Covid-19. Drifta ved sjukehuset går som normalt.

Ein medarbeidar ved Haugesund sjukehus har fått påvist Covid 19-smitte. 8 pasientar og 11 medarbeidarar i karantene.

Vedkommande var på jobb i helga, og gjekk og testa seg etter å ha fått symptom søndag kveld. Prøvesvaret måndag kveld viste at vedkommande er smitta av Covid-19.

Smittesporing pågår i tett samarbeid med Haugesund kommune.

- Medarbeidaren har følgt våre rutinar i høve til smittevern, seier adm. dir. Olav Klausen i Helse Fonna.

Førebels har ikkje denne hendinga gått ut over drifta ved sjukehuset, og så langt har ingen av testane av nærkontaktar vore positive.