Mange vil jobbe i Helse Fonna

Helse Fonna opplever stor interesse og mange søkjarar til ledige jobbar.

Helse Fonna har den siste tida tilsett personar i fleire leiar- og mellomleiarstillingar, og er no i ferd med å tilsetje ny administrasjonssjef, etter Ingebjørg Kismul som snart går av med pensjon. Det melde seg 26 søkjarar til denne stillinga, som truleg vert avklart i løpet av neste veke.

Administrasjonssjefen sitt ansvarsområde inkluderer overordna administrative oppgåver knytt til føretaksleiinga og vil ha ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle føretaket. Administrasjonssjefen har administrerande direktør som sin næraste overordna og vil vere ein del av toppleiargruppa i Helse Fonna.

Det har også vore mange og gode søkjarar til ei rekkje andre stillingar som har vore utlyste siste tida.

Blant anna var det 22 søkjarar til stillinga som seksjonsleiar for HMS/bedriftshelsetenesta. Her er Åsa Eldøy (45 ) frå Stord tilsett, og ho byrjar i jobben 1. juni.

Til stillinga som Frivilligkoordinator, som er ei ny stilling i Helse Fonna, kom det heile 52 søknader. Til slutt fall valet på Kitty Fremmersvik (49) frå Kopervik.

kfremmersvik (2).JPG

Frivilligkoordinator: Kitty Fremmersvik. Foto: Privat

Det var også gode søkjarar til klinikkdirektørstillingane tidlegare i vår, som enda med at Anne-Beth Njærheim (55) frå Bømlo vart ny klinikkdirektør for somatikk Stord, og Kjersti Tollaksen (54) frå Haugesund/Bokn får jobben som klinikkdirektør kirurgisk avd. i Haugesund på permanent basis.

HR-direktør Helga Stautland Onarheim i Helse Fonna er nøgd med søkjarlistene, og ho er glad for at Helse Fonna er ein attraktiv arbeidsgjevar. Ho trur det ligg fleire årsaker bak, men koronasituasjonen gjer at helsevesenet har blitt vist fram på ein positiv måte, og at mange nok ser seg om etter trygge jobbar i det offentlege.

- Helsevesenet står i frontlinja i møte med pandemien, og det viktige arbeidet medarbeidarar i helse- og omsorgssektoren gjer inspirerer mange. Pandemien har vist kor samfunnskritisk viktige helseprofesjonane er, og det er snakk om meiningsfylt arbeid. Fleire av søkjarane har uttalt at helsevesenet utfører eit viktig samfunnsoppdrag som dei ønskjer å  ta del i. Elles håpar eg jo at Helse Fonna har eit godt omdømme, og det er ein god og interessant arbeidsplass. Og ikkje minst, så er det ein stor og kompleks organisasjon, med høg kompetanse og stor breidde i oppgåver, seier Onarheim.

Helga - nett.jpg

Nøgd: HR-direktør Helga Stautland Onarheim har mange kandidatar å velje mellom når ho skal tilsetje i nye, spennande stillingar. Foto: Eirik Dankel

Ho viser også til at det denne våren har vore stor auke i talet på søkjarar til helsefaglege yrke. Kvar fjerde søkjar har helsefag som førsteval, og det er 5,8 prosent fleire søkjarar til sjukepleiarutdanninga i høve til i fjor, og heile 16,7 prosent fleire ynskjer å komma inn på legestudiet.