Mange søkjarar til Helse Fonna-jobbar

Heile 77 har søkt på stillinga som administrasjonssekretær. Men det er ikkje alle yrkesgrupper som er like lette å få tak i, og Helse Fonna går stadig nye vegar for å sikre seg fagkompetanse.

Administrasjonssjef Aud Gunn Løklingholm har for tida eit aldri så lite luksusproblem når ho skal velja ut den beste kandidaten av heile 77 søkjarar til den ledige stillinga som administrasjonssekretær i Helse Fonna. Bunka av søkjarar er stor også til andre stillingar som nyleg har vore utlyst. Blant anna melde det seg 68 søkjarar til ei ledig stilling som HR-rådgjevar.

Men det er også ein del stillingar og yrkesgrupper som ein slit meir med å få rekruttert, og Helse Fonna kjem til å prøva nye vegar for å sikre seg fagkompetanse.

- I fjor deltok vi på ei rekrutteringsmesse i Amsterdam, for å rekruttere blant anna gastrokirurg. Det lukkast vi med. Legen held for tida på å lære seg norsk, og flyttar med familien til Haugesund neste år, fortel HR-direktør Helga Stautland Onarheim.

rekruttering.jpg

Populær arbeidsplass: HR-direktør Helga Stautland Onarheim (t.v.) har 68 søkjarar å velja mellom til jobben som HR-rådgjevar, medan administrasjonssjef Aud Gunn Løklingholm fekk heile 77 søkjarar til stillinga som adm. sekretær i Helse Fonna. Foto: Magne Kydland


På grunn av koronapandemien er det for tida lite av både rekrutteringsmesser, utdanningsmesser eller andre fysiske møtestader knytt til utdanning og rekruttering. Det betyr at Helse Fonna må tenkje nytt, til dømes rekrutteringskampanjar på nett og sosiale medium. Blant anna skal Helse Fonna delta på eit digitalt arrangementet 2. november i samarbeid med Haugaland Vekst, der studentar er målgruppa.

- Jordmødre, spesialsjukepleiarar og legespesialistar i nokre fagområde er yrkesgrupper det er stor etterspurnad etter, ikkje berre i Helse Fonna, men i helse-Noreg generelt. Her må vi finne på nye  måtar å nå desse på, seier Onarheim.