- Søkarlista inneheld kandidatar med høg kompetanse. Eg er glad for at Helse Fonna framstår som ein attraktiv arbeidsplass med gode søkjarar til dei ulike toppstillingane, seier administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna. Han vil sjølv delta i rekruttering og utveljing av dei framtidige klinikkdirektørane.
I klinikk for medisin i Haugesund og Odda er det i dag 530 årsverk og eit budsjett på omlag 610 millionar kroner. I klinikk for medisinske tenester og beredskap er det 460 årsverk og eit budsjett på 488 millionar kroner. Mellom anna er ambulansetenesta, det radiologiske/røntgentilbodet og laboratoria organisert i denne klinikken.
I dag er Berit Haaland klinikkdirektør for både medisinsk og kirurgisk klinikk. Desse vil etter ei omorganisering i haust få kvar sin direktør. Haaland held fram som direktør for kirurgisk klinikk. I dag er Sverre Kolbeinsen Lien midlertidig tilsett i stillinga som direktør for medisinsk service og beredskap. Denne stillinga er nå lyst ut som fast stilling.
Det er både interne og eksterne søkjarar til dei to stillingane. Desse har søkt:
Klinikkdirektør for medisin Haugesund og Odda
Eide, Mathilde (23) K Apotekmedarbeider, Oslo
Brandsø, John Conrad (43) M Seksjonsleder, Haugesund
Hauge, Nina Anette (43) K Seksjonsleiar Geriatrisk eining, Haugesund
Våge, Kjetil Andre (36) M Seksjonsleiar, Haugesund
Klinikkdirektør for medisinske tenester og beredskap
Mazilu, Andrei (43) M Discipline Responsible Engineer - Piping1, Stavanger
Lien, Sverre Kolbeinsen (33) M Klinikkdirektør Medisinsk service og beredskap, Haugesund
Eide, Mathilde (23) K Apotekmedarbeider, Oslo
Johannessen, Tore (47) M Funksjonsleder, Karmsund,
Hovda, Kenneth (43) M Funksjonsleder akutt post 1, Haugesund
Brandsø, John Conrad (43) M Seksjonsleder, Haugesund
Ramsland, Bjørn (51) M Klinikksjef, SKEDSMOKORSET
Våge, Kjetil Andre (36) M Seksjonsleiar, Haugesund.