Mange med kols har fått eit betre liv

Forskar Heidi Breistrand Bringsvor og hennar medhjelparar er klare med data som viser korleis utviklinga har vore for kols-pasientar i 11 kommunar.

20. november er verdas kolsdag. 

Kols er ein sjukdom som mange har høyrt om, men som få kan så mykje om. Ein av dei som har forska på denne sjukdommen er Heidi Breistrand Bringsvor. 

Intensivsjukepleiaren byrja å undersøkje ting ho var nysgjerrig på, og enda opp som forskar i Helse Fonna. I fjor vår disputerte Bringsvor for ph.d.-grada i helse og medisin ved Universitetet i Stavanger. Ho har forska på korleis personar med kols kan auke helsefremmande kompetanse, meistring og livskvalitet. 


Heidi Breistrand Bringsvor - nett - foto Eirik Dankeljpg (3).jpg

Forskar på kols: Heidi Breistrand Bringsvor har forska på korleis personar med kols kan auke helsefremmande kompetanse, meistring og livskvalitet. Foto: Eirik Dankel

 

225 personar i 11 kommunar

Bringsvor fann at det er samanheng mellom korleis personar med kols scorer på ei rekke self-management relaterte område og deira opplevde symptombyrde.

Vidare fann ho at det er samanheng mellom opplevd helserelatert livskvalitet og score på konstruktive haldningar, tilnærmingar og emosjonelt ubehag.

225 personar med kols deltok i studien. Dei kjem frå elleve kommunar i Helse Fonna-området. I ei randomisert kontrollert studie fant ho at deltaking i «Bedre liv med kols», som er eit self-management-program med gruppesamtalar for personar med kols, halde i deira heimkommunar, hadde positiv effekt for læring av ferdigheiter og teknikkar, og konstruktive haldninger og tilnærmingar. I tillegg fann ho ein positiv effekt på evne til egenmonitorering og innsikt hos dei som deltok i meir enn halvparten av gruppesamtalane.


Analyserer oppfølgingsdata

Eitt år seinare har ho klar oppfølgingsdata på korleis utviklinga til deltakarane har vore etter tre, seks og tolv månader. Men desse resultata er ikkje publiserte endå.

- Dei vil truleg bli publiserte våren 2021. Longitudinelle analysar er komplekse, så sjølv om vi håpar dei vil vise effekt av «Bedre liv med kols» over tid, vågar vi ikkje forskotere resultata før analysane er heilt ferdige, seier Bringsvor.

Disputas 2019 (2).jpg

Disputas:  I fjor vår disputerte Bringsvor for ph.d.-grada i helse og medisin ved Universitetet i Stavanger. No er ho snart klar med oppfølgingsdata. Foto: Privat

Bringsvor sine studiar viser at ein ved rett diagnose og kunnskap kan leve eit godt liv, også med kols. Stadig fleire nordmenn får kols, og i dag har rundt 150.000 personar over 40 år denne sjukdommen. Symptoma på kols er lik som mange har ved astma, og difor kan det somme tider vere vanskeleg å skile mellom astma og kols.

Røyking er den mest vanlege årsaka til kols, men så mange som éin av tre kan ha fått det av andre årsaker.

Fakta om kols:

* Kols står for kronisk obstruktiv lungesjukdom

* Ifølgje WHO er cirka 65 mill. menneske råka på verdsbasis

* Kols tek livet av tre millionar menneske kvart år

* Forsking viser at så mange som to av tre med kols faktisk ikkje veit at dei har det

* Kols vil truleg vere den tredje største årsaka til død på verdsbasis i 2030

* Barneastma gir større risiko for kols i vaksen alder enn det røyking gjer

Kjelde: Norges astma og allergiforbund (naaf.no)