Mål om fortsatt redusert ventetid

Målet er å arbeide for å redusere ventetida i Helse Fonna ytterlegare og sikre at ingen pasientar opplev fristbrot. Fristbrot oppstår når du som pasient ikkje får time innan den frist som sjukehuslegen har sett. Tala blei presentert for styret i Helse Fonna i styremøtet på Stord i dag.

Ventetida i Helse Fonna for alle behandla pasientar var i august 65 dagar. Det er berre innan rusfeltet ventetida er kortare enn kravet frå Helse Vest. Somatisk sjuke og psykisk sjuke born og vaksne venter alle lengre enn målkravet. Innan 2021 skal ventetida vere under 50 dagar. Ventetida innan BUP-feltet er allereie på veg ned og er venta å bli ytterlegare redusert i haust.

- Det er viktig for den enkelte pasient at venteida er kort og innan det kravet som er sett, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen i Helse Fonna. Styret vil i det kommande året ha tett oppfølging av både ventetid og fristbrot for å sikre ei utvikling til beste for pasient.

Kreftbehandling

Dersom det er mistanke om kreft, får pasientane rask utgreiing og behandling i eit såkalla pakkeforløp. Helsedirektoratet publiserer årleg kvalitetsindikatorar innan 173 område. I Helse Fonna er kvaliteten i 26 pakkeforløp målt. 67 prosent av kreftpasientane i Helse Fonna var i pakkeforløp innan normert tid, målet er 70 prosent. På landsbasis scorer Helse Fonna særs høgt innan tilrådd forløpstid for lungekreft og for tjukk- og endetarmskreft, innan andre kvalitetsområde er det større utfordringar.

Korridorpasientar

Talet på korridorpasientar blir også målt som ein kvalitetsindikator og publisert av Helsedirektoratet. Fem prosent av alle liggedøgn i somatikk var på korridor i Helse Fonna, dette er særs høgt. Det blir arbeidd for at ingen pasientar skal måtte ligge på korridor når dei er innlagt i sjukehus.

- Det er ei utfordring at vi har så mange liggedøgn i korridor i Helse Fonna, seier styreleiaren. Han ser ein samanheng mellom talet på korridorpasientar og talet på utskrivingsklare pasientar. I august var det 78 pasientar som var utskrivingsklare i totalt 460 døgn. Desse måtte ligge i sjukehus grunna mangel på tilbod i heimkommunen.

- Det er særs viktig at kommunane tar i mot pasientar som er utskrivingsklare, seier Svendsen. Dette er viktig i eit pasienttryggleiksperspektiv, for å unngå overbelegg og korridorpasientar.

Økonomi

August månad viser eit økonomisk overskot på drifta i Helse Fonna. Resultatet var omlag tre millionar kroner betre enn budsjett. Hittil i år er overskotet 15,2 millionar kroner. Det er lågare enn budsjettert. Det er venta eit overskot på 20 millionar kroner i 2019. Det er hittil i år investert for 18,9 millionar kroner i medisinsk teknisk utstyr. Vidare er det fullført arbeid med brannsikring på Stord sjukehus og arbeidet med rehabilitering av varmesentral i Odda held fram. Både Odda sjukehus og Stord sjukehus har investert i nye autoklaver. På Valen sjukehus er første trinn i arbeidet med å skifte ut branndetektorar ferdig. I Haugesund er det investert i ny CT.   

Digitale sengeposttavler på Stord

Styret i Helse Fonna fekk i dag omvising på Stord sjukehus og fekk sjå korleis nye og innovative digitale løysningar er tatt i bruk.  Stord sjukehus er først ute og innan kort tid vil alle sengepostane på sjukehuset ha store touchskjermar med oversiktlege pasientlister kor helsepersonell får tilgang til opplysningar som pasientnamn, rom og sengenummer, risikofaktorar, planlagte timar hos for eksempel fysioterapeut eller lab, smitteregime og mykje anna. Anne Møklebust er prosjektleiar for innføringa av digitale sengeposttavler ved Stord sjukehus. Neste år vil det bli innført nye løysingar for innsjekk og betaling.

- Både spennande og imponerande, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen om den nye digitale løysinga på Stord. Han meiner bruk av ny teknologi er viktig og vil i eit større perspektiv bidra til å sikre gode helsetenester også for framtida.