Magne Kydland blir ny kommunikasjonssjef i Helse Fonna

Stillinga som kommunikasjonssjef i Helse Fonna blei lyst ut i november. Magne Kydland har takka ja til stillinga og vil tiltre våren 2020.

Kydland (49) er i dag ansvarleg redaktør i Mediehuset Sunnhordland, der han har jobba dei siste 13 åra.

– Etter 25 år i mediebransjen ser eg fram til å starte i ny, spennande jobb i det som er den største og viktigaste verksemda mellom Stavanger og Bergen. Gode helsetenester er viktig for oss alle, og eg gler meg no til å jobbe i spesialisthelsetenesta, seier Kydland, som har utdanning innan journalistikk, økonomi og administrasjon.

Som kommunikasjonssjef blir han ein del av leiargruppa i Helse Fonna og vil ha administrerande direktør som leiar.
– Eg er veldig nøgd med at Magne Kydland har takka ja til stillinga og ser fram til å få han med i leiinga, seier administrerande direktør Olav Klausen.

Noverande kommunikasjonssjef Margareth Langebro sluttar i stillinga 31. desember. Kommunikasjonsrådgivar Stina Steingildra vil vere konstituert i stillinga frå 1. januar og til Magne Kydland tiltrer i april.

magne kydland-crop.jpg