Lytta til pasientane sitt ombod

Styret i Helse Fonna lytta i dag til pasientane sitt ombod Gro Snortheimsmoen Bergfjord. Ho la fram årsmeldinga for pasientomboda i Hordaland og Rogaland. 

Pasientomboda har arbeidd med 232 saker i Helse Fonna i 2018. Det er flest klagar innan kirurgi, deretter psykisk helsevern og indremedisin. Pasientar og pårørande tar kontakt med pasientombodet både for å få informasjon og vurdere å klage på helsetilbodet.

Må lære av feil

I følge Pasientombodet så ynskjer pasientane at sjukehusa lærer av feil og vil derfor gi tilbakemelding om sine opplevingar for å forbetre helsetenesta. Mangelfull eller dårleg kommunikasjon er ein gjengangar i klagene til Pasientomboda.

– Også flytting av pasient frå sjukehus og heim, eller mellom sjukehus og sjukehusavdelingar er utfordrande. I denne samhandlinga ser vi at det skjer feil, seier Gro Snortheimsmoen Bergfjord. Ho møtte eit lydhørt styre som i dag hadde lagt møtet til Valen sjukehus.

– Det er viktig for styret å lytte til pasientombodet, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen. Medarbeidarar i sjukehusa informerer pasientar om Pasientombodet som klageinstans. Svendsen er nøgd med at ordninga fungerer.

Pasientombodet mottar få klager som gjeld ventetid. I Helse Fonna var gjennomsnittleg ventetid for alle behandla pasientar i april på 57 dagar. Innan psykisk helsevern for både barn og vaksne er ventetida kortare.

Langtidsbudsjett og investeringar

Helse Fonna må redusere kostnadane i 2019. Grunnen er eit meirforbruk på 12 millionar kroner i løpet av årets fire første månadar. Det vil vere viktig å sette i gang tiltak for å korrigere utviklinga og nå dei resultatmåla som er sett. Det er nødvendig å drive med årlege overskot for å gi rom for nye investeringar.

I dag blei langtidsbudsjettet for 2020-2024 vedteke. Det er gitt signal om at sjukehus-Noreg vil ha ein mindre vekst i åra som kjem. Veksten er sett til 0,4 prosent frå 2021-2024. Både den medisinske og teknologiske utviklinga, samarbeid med kommunane og auke i talet på heiltidstilsette vil føre til at talet på tilsette vil gå noko ned i perioden. Helse Fonna har i dag rundt 4000 personar på lønningslista månadleg, desse utgjer om lag 3000 årsverk.

– I langtidsbudsjettet er det lagt opp til ein årleg investering på 30 millionar kroner i medisinsk teknisk utstyr, 30 millionar kroner til å oppgradere og vedlikehalde bygningsmasse i heile føretaket og 10 millionar kroner til nye ambulansar og anna køyretøy. Dette vil auke mot slutten av perioden, seier Kjell Arvid Svendsen. I tillegg blir det investert i nytt sjukehusbygg i Haugesund i tråd med plan.

Utskrivingsklare pasientar

I april var det færre pasientar i sjukehus enn venta. Det er likevel ei utfordring at det kvar dag i april blei brukt elleve senger til pasientar som er ferdig behandla. Dette er pasientar som er utskrivingsklare, men som heimkommunen ikkje har eit tilbod til. I april låg 77 pasientar til saman 318 døgn på sjukehus etter at dei er ferdigbehandla. Dette gir utfordringar og fulle sengerom. I april måtte 3,4 prosent av pasientane ligge på korridor, kravet er at ingen pasientar skal måtte ligge i sjukehuskorridoren.

– Pasientane skal ikkje liggje i korridor, og det er ikkje bra å ligge i sjukehus når du er ferdig behandla. Dette svekkar pasienttryggleiken, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen. Styret ber om at helseføretaket har dialog med kommunane slik at pasientane får tilbodet dei har krav på i heimkommunen.

– Det er ikkje akseptabelt at sjukehussengene blir nytta av dei som er ferdig behandla, seier Svendsen.

Avvik og uønska hendingar

Det er ei auke i talet på meldte avvik og uønska hendingar i Helse Fonna. Årsrapporten viser at det i 2018 blei registrert 1760 pasientrelaterte avvik. Dette er høgare enn året før. Dei alvorlegaste hendingane blir meldt til Helsedirektoratet. I Helse Fonna er 13 prosent av de pasientrelaterte hendingane meldte til direktoratet, det er tilsvarande tal som i 2017. Dei uønska hendingane og avvika i pasientbehandlinga er knytt til behandling og pleie, inkludert fall og uhell. Deretter er det avvik ved pasientadministrasjon som timeavtale, ventetid, tilvisingar i og mellom sjukehusa som blir rapportert.

– Det har over tid vore fokus på å betre meldekulturen i føretaket. Det er viktig å melde avvik, systematisere og nytte dette som grunnlag for vidare forbetringsarbeid, seier Svendsen.