Lukkelege på lite sjukehus

I Odda ligg landets minste sjukehus, om ein ser bort frå sjukehuset på Svalbard. Her har dei medisinsk og kirurgisk akuttfunksjon.  Å jobba på eit lite sjukehus fører til ein del utfordringar, men ein kjem også svært tett på kollegaer og ikkje minst pasientar.

Det som er spesielt ved eit lite sjukehus som  Odda er at sjukepleiarane utfører fleire oppgåver/funksjonar ved same avdeling enn ved eit større sjukehus. Til dømes er det sjukepleiarane på akuttmottaket, overvakinga som har ansvar for legevaktssentralen.

Odda-sjukeus-fotoEirikDankel (5).jpg

IDYLL: Odda sjukehus ligg fint til, i staselege bygg, og med høge fjell, fjord og elva Opo som næraste naboar. Foto: Eirik Dankel

Dermed kan det vera same sjukepleiaren som snakkar med pasienten i telefonen, som seinare tek imot vedkommande og som fører pasienten vidare til ei anna avdeling, eller til vidare transport til eit anna sjukehus. Dette gir god kontinuitet og tryggleik i behandlingsforløpet.

Odda sjukehus 2015 - foto Eirik Dankel -5.jpg

MINST: Odda sjukehus er definert som det minste fullverdige sjukehuset i fastlands-Norge. Foto: Eirik Dankel

Odda sjukehus har same krav og må følgje same lovverk og retningslinjer som andre sjukehus med akuttfunksjon. Til dømes finst det nasjonale krav til traumemottak. Sjukehuset har eigne fasilitatorar som arrangerer simulering i ulike pasientcase for å oppretthalde kvalitet og kompetanse.

- Vi er mykje tettare på både kvarandre og pasientane her, fortel Bjørg Melve Melkeraaen, som har 24 års fartstid som sjukepleiar ved Odda sjukehus.

akutten - nett.jpg

TEK TELEFONEN: Det er dei tilsette i akuttmottaket/overvakingsavdelinga som tek telefonen når innbyggjarane ringjer legevakta i Ullensvang. Her er sjukepleiarane Linda Lande (nærast) og Bjørg Melde Melkeraaen på vakt. Foto: Magne Kydland

Ny anestesilege

Det er ikkje noko løyndom at det kan vera utfordrande å rekruttera kvalifisert personell til mindre sjukehus. Odda er ikkje noko unnatak. Inne på vaktrommet sit også anestesilege Gustav Nicolas Feldreich. Svensken har berre jobba nokre veker her, og stortrivst allereie i eit miljø som er mykje mindre enn det han er van med.

- Det heile starta i fjor, då eg fekk ein telefon frå min gamle kollega ved Huddinge sjukehus, Oscar Caro Goldrine - overlege kirurg. Vi har jobba saman i fleire år med å redda liv, og han ringde i fjor sommar og spurde om eg ville ha «sommarjobb». Eg avbraut ferien og kom og jobba her ei veke. Eg likte meg så godt at no er eg tilbake, smiler Feldreich, som kom til Odda med kone og barn, den 20. mars. Etter to veker i karantene hadde han si første arbeidsveke i byrjinga av april.

Anestesilege - nett.jpg

KOM TILBAKE: Anestesilege Gustav Nicolas Feldreich jobba ei veke ved Odda sjukehus i fjor sommar. Her likte han seg så godt at han no er tilbake att, og tok heile familien med seg og busette seg i Odda. Foto: Magne Kydland

Noko av grunnen til at han reiste over grensa til Norge var korona-situasjonen.

- Sjølv om smitten på den tida var like høg i Norge som i Sverige, så hadde eg større tru på strategien i Norge enn heime i Sverige. Så difor var det lett for meg å ta avgjerda då eg fekk jobb her, fortel Feldreich. Familien trivest så langt godt i byen inst i Sørfjorden. Han har i lag med ungane engasjert seg sterkt i den lokale tennisklubben.

 

Koronasituasjonen

Det er ei stor utfordring når det det kjem inn fleire Covid 19-pasientar, som bind opp mange sjukepleiarar.

- Eller i verste fall, at vi får mange tilsette som må i karantene. Då slit vi, som andre, med å få bemanningskabalen til å gå opp, forklarar intensivsjukepleiar Anne Marit Buer, som er fagutviklingssjukepleiar akuttmottak/overvaking ved Odda sjukehus. Så langt har dei vore heldige: Dei har berre hatt ein pasient inn med påvist smitte heilt i starten på pandemien, og vedkommande var ikkje frå Ullensvang. Dagleg vert det innlagt pasientar med mistenkt Covid 19 som må takast imot på eige pandemimottak eller isolat.

smitteisolasjon-stor.jpg

ISOLAT: Intensivsjukepleiar Anne Marit Buer viser fram rommet som blir brukt som isolat for pasientar med Covid 19-smitte. Foto: Magne Kydland

 

I Ullensvang er det framleis ikkje påvist smitte blant innbyggjarane, og slik håpar sjukepleiarane på akuttmottaket/overvakinga at det vil bli framover.

- Målet er å halda sjukehust smittefritt, slik at vi kan halda hjula i gang med planlagt kirurgi og mest mogeleg normal aktivitet, seier Buer og får støtte frå kollegaene.

smittevernutstyr - nett.jpg

SMITTEVERN: Her er noko av smittevernutstyret, som ligg lett tilgjengeleg på pandemimottaket. Foto: Magne Kydland

Tett på

Odda sjukehus gir helsetenester til innbyggarane i Hardanger og omegn. Ved sjukehusområdet ligg også ambulansestasjonen og Folgefonn DPS.

Dei tilsette er glade i arbeidsplassen sin, og dei fortel om mange fordelar ved eit lite sjukehus, anten ein er tilsett eller pasient:

- Vi kjem tett på kvarandre, og det er eit godt samarbeid mellom avdelingane på huset. Det gir god kommunikasjon mellom ulike avdelingar og faggrupper. Små sjukehus er vel så godt og effektivt drivne som store, er den samstemte tilbakemeldinga frå vaktrommet på Odda sjukehus.

 mellomleiarar - nett.jpg

TRIVSEL: Seksjonsleiar Kari Marie Tjelmeland (t.v.) og funksjonsleiar Brit Elin Lutro er glade i arbeidsplassen sin. Foto: Magne Kydland

Avdelingar på Odda sjukehus:

Medisinsk og kirurgisk poliklinikk
Terapi avdeling
Laboratoriet og blodbank
Røntgen med CT
Barsel  og jordmorteneste
Medisinsk,- og kirurgisk sengepost
Dagmedisinsk
Dagenhet for kreftbehandling
Dagkirurgisk
Dialyse
Operasjon/anestesi
Sterilsentral
Kommunale oppgåver som KAD senger og legevaktssentral
Akuttmottak, overvakingsavdeling

jordmor - nett.jpg

fødetavle- nett.jpg