Lokale barn bidrar til internasjonal diabetesforsking

Det å få diabetes forandrar eit barn sitt liv. Både barnet og foreldra må lære seg å forstå sjukdomen og sjølv behandle den. Nå bidrar barneavdelinga i Helse Fonna til internasjonal forsking med mål om å finne stadig betre behandling for sjukdomen. Og kjelda til kunnskap er barna sjølv.

Barnelege og forskar Heiko Bratke er full av entusiasme etter å ha kome heim frå ein internasjonal barnediabeteskonferanse i Boston. Som nytt medlem av det internasjonale fagnettverket SWEET bidrar no Helse Fonna med forskingsdata frå pasientar i behandling for diabetes.

– SWEET begynte som eit prosjekt med mål om å betre førebygging, dianostisering og behandling av barn og unge med diabetes type 1 og 2. Etter at prosjektet var i havn, blei arbeidet vidareført som eit internasjonalt nettverk. Vi i Helse Fonna er stolte over å ha blitt nye medlemer av nettverket. Nå kan vi både bidra til og få glede av kunnskapsdeling mellom sterke fagmiljø verda over, seier Bratke.

Internasjonalt bidrag: Heiko Bratke er stolt over at barneavdelinga i Helse Fonna har blitt nytt medlem av SWEET. Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna

Blant verdas beste 

Under konferansen i Boston kunne han kjenne på stoltheit over at vesle Helse Fonna faktisk kan måle seg med dei aller beste. For gjennom SWEET samanliknar ein mellom anna kor godt sjukehusa sine pasientar klarar å regulere diabetesen sin over tid. God og jamn regulering av blodsukkeret er nemleg avgjerande for helse og livskvalitet for diabetespasientar.

– På kort sikt kan svært dårleg regulert diabetes føre til at barnet blir akutt sjukt og må leggast inn på sjukehus. Men det er viktig å ha jamt god behandling på lang sikt også, for å redusere risikoen for alvorlege sjukdomar i hjarte, hjerne, nerver, nyrer og auger, forklarar Bratke.

Og Helse Fonna sine barne- og ungdomspasientar har blant verdas best regulerte diabetes. Nærare 60 prosent av pasientane er nå innanfor definisjonen av veldig godt regulert langtidsblodsukker (HbA1c < 7 %). Så gode er resultata at Bratke i neste SWEET-møte er ein av fleire fagmiljø som skal presentere sine lokale rutinar for å finne ut kva som ligg til grunn for gode resultat.

– Barnet og familien skal ha æren 

Bratke forklarar den gode behandlinga i Helse Fonna med eit sterkt engasjert fagmiljø i barneavdelinga og eit solid kvalitetsprosjekt som blei gjennomført for nokre år sidan.

– Men til sjuande og sist er det barnet og familien som skal ha æren her. Diabetes har ein livet ut, og det spesielle med sjukdomen er jo at pasienten må behandle seg sjølv. Ho må lære seg å måle blodsukker, rekne på inntak av mat og planlagt fysisk aktivitet for å gi seg sjølv rette dosar insulin til rett tid.

Han fortel at barneavdelinga i tråd med forskinga på feltet legg stor vekt på god og tidleg opplæring av barnet og familien, og ser på dette som ein viktig suksessfaktor.

Bratke forskar sjølv på behandling av diabetes og er i gang med ein doktorgrad der han vil sjå om ulike behandlingsmetodar gir ulik grad av livskvalitet for pasienten. Du kan lese meir om dette arbeidet her.