Laurdag feirar vi verdas prematurdag

Lille Sina kom til verda på Haugesund sjukehus seks veker for tidleg og veide berre 2000 gram. Då er det bra å vite for mamma Merete Auestad at veslejenta er i gode hender.

– Vi har aldri jobba med vaksne folk før så vi trur vi må halde oss her, seier Elisabeth Hanesand og ler. – Ikkje kunne eg tenkje meg ein annan jobb heller.

Ho og Christina Reeves-Tyler er spesialsjukepleierar ved nyfødt intensiv eininga og elskar jobben sin. Her jobbar dei med premature barn, altså dei som er fødd før 37. svangerskapsveke. Så langt i år er det fødd 4000 premature på landsbasis, 90 av dei i heile Helse Fonna-regionen.

Ein varm start på livet

På nyfødt intensiv er det stille, lav belysning og ikkje minst varmt.

– Det er 24 grader her inne og det passar oss heilt perfekt, seier Christina, sjølverklært frysepinne. – Som regel sper vi på med termojakker også.

 

Meir foreldreinvolvering

Hanesand har jobba ved eininga i 18 år. Frå ho starta og til i dag har det vore ei stor utvikling. Særleg i foreldra si involvering i pleia av barnet.

– Før var det stort sett pleiepersonell som tok seg av stellet av barnet, men nå er foreldre i mykje større grad involvert og sjølvgåande. Far stod ofte på sidelinja, men nå tar også han del i stellet.  Dette fører til at foreldre er tryggare på seg sjølv når dei reiser heim og skal ta fatt på det nye livet.