Lansering av barn og unge si helseteneste 18. juni

Mandag 18. juni lanserer helse- og omsorgsminister Bent Høie barn og unge si helseteneste i Helse Fonna. Samhandlingsprosjektet med kommunane haustar allereie nasjonal merksemd og skal gjere barn, unge og foreldra sin kvardag enklare. 

Det skal vere tydeleg kor ein kan få hjelp. Saman med kommunehelsetenesta er det utarbeidd eit system for å sikre at barn og unge med psykiske utfordringar får hjelp. Nå skal systemet lanserast og takast i bruk.

Meld deg på

Konkret hjelp

Målet er å sikre at barn med utfordringar blir sett,  og at dei får hjelp. Tidleg. 

Både helsesyster, lærarar, barnehagetilsette, barnevern, fastlegar og andre skal enkelt få ein oversikt over kva dei kan gjere om dei mistenker at barn og unge har psykiske utfordringar.  Via nettsidene til helse-fonna.no får dei innspel på kva dei skal sjå etter, kor dei skal vende seg og forslag til konkrete tiltak for den enkelte.

Sjå nettsidene til barn og unges helseteneste

Det har vore arbeidd sidan 2016 for å utarbeide gode pasientforløp for barn og unge i kommunane og i sjukehus. Mange har delteke i dette omfattande prosjektet. Bakgrunn for arbeidet er at barn og unge med psykiske lidingar tidvis ikkje har fått den hjelpa dei er i behov av.  

Nå er tenesta på Haugalandet, i Sunnhordland og i Hardanger på papiret meir koordinert enn tidlegare, nå skal teorien omsettast i praksis. Det er dette arbeidet statsråd Bent Høie skal lansere.

Deler kunnskap

I barn og unge si helseteneste er pasientforløpet kartlagt innan fem ulike, men store diagnosegrupper, for barn med psykiske utfordringar. 

Enkelt forklart er det utarbeidd ei form for oppskrift på symptom, kontakt med foreldre, korleis og kva tid involvere helsesyster, fastlege, BUP og andre instansar. Denne oppskrifta kan nyttast av alle som arbeidar med barn og unge. Målet er å koordinere helseressursen til beste for barnet.

Ein skal saman vere eit felles hjelpeteam til det barnet eller den ungdommen som har utfordringar. Som oftast er også foreldra ein viktig del av hjelpa, men det kan vere vanskeleg å vite kor ein skal vende seg om ein opplev endra adferd hos barnet eller er uroa for andre symptom. Nå skal dette bli enklare.  

Mange ulike yrkesgrupper i kommunane har delteke i arbeidet saman med BUP for å utvikle den nye helsetenesta for barn og unge med psykiske lidingar.

Program

Er du ein av dei som arbeidar med barn og ungdom og har behov for kunnskap? Meld deg på lanseringa av barn og unge si helseteneste i Helse Fonna den 18. juni, på Høgskulen på Vestlandet, avdeling Haugesund.

Meld deg på

9.30-10.15 Lansering av Barn og unge si helseteneste

Ved helse- og omsorgsminister Bent Høie og presentasjon av prosjektet ved Kenneth Eikeset og Ester Marie Espeset.

10.15-10.30 Kaffipause

10.30-11.30 Korleis kan vi saman skape samanhengande hjelpetenester for barn og unge?

  • Bernt Netland, om satsing på Betre Tverrfaglig Innsats (BTI) i Helse Fonna
  • Elin Eggestøl Børve, om korleis tenestene i Odda har endra måten dei arbeidar på for å få til samhandlingsforløp i praksis
  • Birthe Blokhus, om bedre tverrfaglig innsats i Stord, Bømlo og Fitjar kommunar
  • Inger Lise Bratteteig, om arbeid med stafettloggen i Haugesund kommune og det å sikre gode overganger mellom kommunale tenester og spesialisthelsetenesta
  • Liv Åse Dybdal og Georg Reinhardt, om korleis BUPene Helse Fonna nå organiserar seg for å legge til rette for samhandling og bedre pasientforløp

11.30-12.30 Servering av lunsj

12.30-14.30 Paralellseminarer

Autismespektervanskar hos barn og unge v/Tove Ertsland (BUP Stord) og Solveig Hausken Kirkhus (BUP Haugesund). Auditorium E

Kva  er tidlige teikn på autismespektervanskar? Korleis skilje autisme frå andre vanskar? Kartleggingsverktøy og aktuelle tiltak.

Komplekse traume hos barn og unge  v/Sissel Øritsland (BUP Haugesund) og Elin Eggestøl Børve (Odda Kommune). Auditorium A

Kva kan vere teikn på traumatisering hos barn i ulike aldersgrupper? Kva er gode tiltak og korleis få til godt samarbeid på tvers av tenester og nivå?

Angstlidingar hos barn og unge v/Marit Johnsen (Tysvær kommune) og Eirik Knutsen (BUP Stord). Auditorium G

Kartlegging, vurdering og aktuelle behandlingstiltak ved milde til moderate symptom på angstlidingar.