Lanserer ny nasjonal standard for møte med aggresjon og vald i psykisk helsevern

Medarbeidarar i psykisk helseteneste opplever ei auke i vald og truslar når dei er på jobb. No har ei faggruppe utvikla ein ny nasjonal opplæringsmanual for møte med aggressive pasientar. Fagutviklingssjukepleiar Torill Storhaug Fotland ved Valen sjukehus har deltatt i arbeidet.

– Det har vore mange ulike opplæringsprogram i Norge. Det var behov for eit standardisert og kvalitetssikra opplæringsprogram for medarbeidarar som jobbar med aggresjon og valdsproblem i psykisk helsevern, seier Torill Storhaug Fotland.

Ho har vore instruktør i metoden terapeutisk meistring i møte med aggresjon (TERMA) sidan 2008 og utdanna fleire nye instruktørar. For tre år sidan blei ho kontakta av Kompetansesenteret for sikkerhets-, retts- og fengselspsykiatri (SIFER) med spørsmål om å vere med å utvikle den nye kunnskapsbaserte manualen «møte med aggresjon og vold i psykisk helsevern», MAP. No er manualen ferdig og skal lanserast neste veke.

Gruppebilde - foto Marit Fonn sykepleien no.jpg

ARBEIDSGRUPPA: Foran frå venstre: Torill Storhaug Fotland, Lone Viste, Gunilla Maria Hansen, Marius Engen og Thomas Nag. Bak frå venstre: Kjell Kjærvik, Gunnar Eidhammer, Thor Egil Holtskog og Bente Sundbye. Jon Skjold, Steffen Stamnes og Martin Thorseth Eriksen var også med i arbeidsgruppa. Foto: Marit Fonn, sykepleien.no

– Vald og truslar kan gå ut over kvaliteten i pasientbehandlinga

Helsearbeidarar i psykisk helsevern er blant dei helsearbeidarane som oftast blir utsette for vald og truslar på arbeidsplassen. Storhaug Fotland seier konsekvensane kan vere omfattande.

– Det å jobbe i møte med vald og truslar kan gi fysiske skader, sjukefråver, mistrivsel og høg utskifting av personalet. På sikt kan det gå ut over kvaliteten i pasientbehandlinga. Vald og truslar i arbeidslivet kan gi store omkostningar for samfunnet, for verksemda og for den enkelte arbeidstakar som blir råka, seier ho.

Gjennom media kan ein få inntrykk av at pasientar med psykiske lidingar generelt har lettare for å bli aggressive og valdelege enn andre, men bildet er ganske annleis:

– Det er ein liten del av personar med alvorleg sinnsliding som har aggresjonsproblem. Dersom ein er ekstremt redd, rusa eller påverka av stemmer i hovudet kan det påverke vurderinga av val som handlingsmåte. Vald er ofte motivert av noko vi ikkje alltid ser. Det fins sjeldan umotivert vald. Kognitiv svikt hos pasienten er ofte eit skjult handikap. Derfor må vi prøve å forstå kva som motiverer og driv aggresjon og møte det på rett måte.

Brukarar har vore sentrale i arbeidet, særleg når det gjeld val av fysiske teknikkar.

– Vi vurderte 45 ulike teknikkar ut i frå kriteria effektivitet, kor enkelt det er å lære og potensialet for å skade, krenke og gi smerte. Brukarane hadde viktige innspel i val av teknikkar og dei var inviterte til å delta på pilotkursa og evaluere det ferdige arbeidet.

Prosedyrebilde- foto Helse Bergen.jpg

FYSISKE TEKNIKKAR: Bildet er frå den nasjonale fagprosedyren om bruk av mekaniske tvangsmidlar. Foto: Helse Bergen

Internasjonal merksemd

At vald og aggresjon er eit stort problem og at behovet for ein ny felles manual er tilstade har dei merkt godt på interessa.

– Det har vore aukande interesse for prosjektet både nasjonalt og internasjonalt. Mange ventar på at det ferdige produktet skal lanserast og bli tilgjengelig slik at dei kan ta det i bruk. Det er nesten 200 som er påmeldt lanseringsseminaret i Oslo 16. september.

Prosjektet er allereie presentert på fleire store nasjonale konferansar og skal i haust også presenterast på  Schizofrenidagane i Stavanger og 11th European Congress on Violence in Clinical Psyciatry.

MAP er eit samarbeidsprosjekt melom SIFER-nettverket, dei tre regionale sikkerheitsavdelingane, Helse Stavanger og Helse Fonna. Du kan lese meir om metoden på SIFER sine nettsider: http://sifer.no/undervisning/detalj/map-mte-med-aggresjon-og-vold-i-psykisk-helsevern

På sykepleien.no kan du lese intervju med fagpersonane frå arbeidsgruppa: Hva gjør du når pasienten er fly forbanna?