Lanserer app for blodgivarar

No blir det enklare for blodgivarar i Helse Fonna å bestille time og sjekke om dei framleis kan gi blod etter utanlandsreiser, nye medisinar eller anna som kan ha endra seg sidan sist.

– Det er veldig enkelt, du berre søker opp Blodbanken i Appstore eller Google Play og lastar den ned, seier leiar ved blodbanken i Helse Fonna, Svein Morten Lervik.

Han håpar og trur mange av dei nær 3000 blodgivarane i Helse Fonna vil ta i bruk appen.

– Som blodgivar får du enkelt bestilt og endra timen via appen. Vi treng jamt og godt oppmøte, så vi trur det er ein fordel for givarane at dei sjølv lett kan velje tidspunkt, seier Lervik.

For blodberedskapen er det viktig med jamn tilførsel og færrast mogleg avbestillingar og flytting av timar i siste liten.

Fakta om blod

Ein blodgivar gir ein halv liter blod ved kvar tapping. Det er nok til å redde tre liv.

Blod kan ikkje lagast kunstig, og sjukehusa er avhengige av blodgivarane sine. Blodoverføring kan vere livsnødvendig behandling etter for eksempel skader med stort blodtap, under fødsel, brannskader eller kreftbehandling.

Vil du bli blodgivar? Sjekk www.giblod.no eller last ned appen frå Appstore eller Google Play.

 

Lett å sjekke sjølv

– Appen gjer det også lett å sjekke om du kan gi blod eller ikkje. Vi testar alle nye blodgivarar, men det er viktig å følgje retningslinjene så lenge ein er givar, seier Lervik og gir nokre eksempel:

– Har du vore i enkelte land med smitterisiko, fått flåttbitt eller bytta seksualpartnar, må du vente ei viss tid med å gi blod igjen. Har du fått nye sjukdomar eller starta med medisinar du ikkje tok før, må du også sjekke at du framleis kan gi blod. Det er mange tilstandar som gjer at ein anten må ha karantene eller ikkje lenger kan gi blod, og appen gjer det enkelt for blodgivaren å sjekke det.

Lervik understreker at dette er viktig for både helsa til blodgivaren og for pasienttryggleiken for den som mottar blodet.

– Vi stiller alltid desse spørsmåla når blodgivaren kjem til oss, men med appen kan blodgivaren sjølv enkelt få oversikt før han eller ho har time, seier Lervik.

Han legg til at sjølv om appen er eit godt hjelpemiddel, kan det oppstå nye situasjoner som gjer at ein blir avvist etter å ha svart på spørsmål ved oppmøte i blodbanken.

Appen er utvikla av Oslo universitestsykehus, men er tatt i bruk av fleire sjukehus i landet.