Kvalitetsbloggen: Vi bygger "sikkerhetsnett"

I juni var helse- og omsorgsminister Bent Høie i Haugesund for å lansere barn og unge si helseteneste. Ein engasjert statsråd kunne fortelja kor viktig det er at det blir bygd sikkerhetsnett når barna våre har utfordringar i kvardagen – og kor bra det er at Helse Fonna har tatt initiativ til nettopp det.

Eg er stolt over at både du og eg kan vere med å byggje dette sikkerhetsnettet. Kvar dag vevar vi trådar til beste for pasientane våre, for borna våre og dei vi bryr oss om. Nå bygger vi eit system som skal sikre at born som har utfordringar i kvardagen får tidleg hjelp, og at hjelpa er rett og samanhengande. Ingen born eller unge skal falle mellom ulike stolar i kommune eller spesialisthelsetenesta. Vi byggjer eit nytt system for å lære av feil vi har gjort.

 

Sjå film om Barn- og unge si helsetenste

I barn og unge si helseteneste skal vi bli betre på å samhandle. Samhandle i stort på systemnivå, og samhandle konkret om det enkelte barnet.  Vi skal bry oss og vi skal dele kunnskap. Dette får vi nå hjelp til via prosjektet barn og unge si helseteneste i Helse Fonna. På helse-fonna.no/barn-og-unges-helseteneste finn du samhandlingsforløpa til fem ulike diagnosar for barn og unge. Det er verdt å lese om både systematikken og den faglege tilnærminga.

Sjå nettsidene til Barn- og unge si helseteneste

Barn og unge si helseteneste er å vite kor du skal vende deg om ditt eige barn eller andre har utfordringar. Det er utarbeidd eit verktøy for å samhandle om det å lese symptom, om behandling og kva som er friskt og kva som er (p)sykt.

Barn og unge si helseteneste er utvikla i Helse Fonna saman med kommunane i vårt område. Fagpersonar frå kommune og BUP har arbeidd i to år for å systematisere og teikne forløp for barn og unge. Kor skal læraren eller den vaksne i barnehagen venda seg om dei er uroa for eit av borna? Kva skal fastlegen sjekke ut før tilvisinga blir sendt og kva skal helsesyster gjere i møte med barn og unge med psykiske utfordringar?

Helse- og omsorgsministeren har heilt rett i at det eigentleg er bygd eit «sikkerhetsnett» for barn og unge i vårt område. Det gjer meg stolt at dyktige medarbeidarar har tatt initiativ til å utviklet barn og unge si helseteneste.

Fram i tid trur eg mange born, unge og foreldre vil vere takksam for dette. Vi byggjer kvalitet i helsetenesta på tvers av kommunar og sjukehus.

Helsing frå Haldis Ø. Lier, fagdirektør