Kvalitetsbloggen: Ein sprek 100-åring

I sommar fyller Odda sjukehus 100 år. Jubileet har vore markert med open dag, inviterte gjester og grillfest for medarbeidarane. Sjukehuset har ytt helsehjelp i generasjonar til folk frå fjern og nær. Det slår meg at det er ein sprek 100-åring i Odda.

​Om Odda sjukehus er minst i sitt slag i fastlands-Noreg, er dei framtidsretta og nysgjerrige på ny kunnskap. Det kjem pasientane til gode i heile Helse Fonna.

For oss som arbeidar i Helse Fonna er det viktig å vere kjent med helsetilbodet som finns i eige føretak. Då kan vi dele kunnskap med pasientar og pårørande og syte for at tilboda vi har blir brukt. Samtidig må vi arbeide for å synleggjere den kvaliteten vi har. Vi må dele kunnskap med pasientane og vere opne om resultat.

Det er mange måtar å halde seg sprek på. I Odda har dei valt å satse på nett. Nå kan du lese om behandlingar dei har på sjukehuset og sjå ventetider.

Til nå er det særleg publisert tekstar for kirurgiske inngrep, men i løpet av jubileumsåret skal det kome fleire medisinske behandlingstekstar på nett. Då må vi nytte høve til å dele den kunnskapen vi har om kvalitet og gjere denne tilgjengeleg for alle. Det gjeld for alle sjukehusa i Helse Fonna. Det skapar tillit. 

Odda sjukehus har ventetid på rundt tre veker for operasjon av både hemoroidar og brokk, og kvalitet er blant anna at tilboda er lett tilgjengelege. Dette er viktig å gjere kjend når pasientane kan velje mellom både offentlege og private behandlingstilbod.

Det er ein sprek 100-åring i Odda som vil vere med i framtida, og dei vil vere på nett. Kvifor det? Jo, sjølvsagt fordi pasientane våre er på nett. Det er viktig å følgje samfunnsutviklinga og nytte digitale løysingar for å nå fram til pasientane. Vi må dele kunnskap på nettet for å effektivisere, vere opne om kvalitet og styrke pasientryggleiken. Pasientane våre fortener det.

I Odda tar fagfolk på smertepoliklinikken i bruk «check ware» som dei første i somatikken i Helse Fonna. Det er eit digitalt system som gjer at pasientane fyller inn nødvendige opplysningar på nett og sender inn før dei har time i poliklinikken. Når pasientane då kjem til time er grunnleggande opplysningar allereie registert slik at behandlinga i auka grad er tilrettelagt. Ganske sprekt, eigentlig.

Gratulerer til Odda sjukehus, og god sommar til deg!

Helsing
Haldis Økland Lier
Fagdirektør